Okular
Eit okular er den linsa i eit optisk instrument, til dømes ein kikkert eller eit mikroskop, som vender mot auget (latin: oculus), motsett objektivet.
Okularet verkar som lupe og forstørring|forstørrar det biletet som blir danna i brennpunktet til objektivet. Forstørringa får ein ved å dividere brennvidda til objektivet med brennvidda til okularet.
Okularet består, i likskap med objektivet, av fleire linseelement. Desse er sett saman for å hindre forvrenging på grunn av lysgjennomgangen i glas (forskjellige farger lys blir brote ulikt, og gir dermed uklart bilete). Nyare linseverk bruker òg forskjellige glassortar med forskjellig brytingsindeks.
Okular med forskjellige eigenskap og utforming[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Okular» frå Wikipedia på bokmål, den 18. februar 2013.