Olaf Anton Thommessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ola Anton Thommessen)
For informasjon om den nolevande Venstre-politikeren, sjå Olaf Henning Thommessen. For komponisten, sjå Olav Anton Thommessen.
Olaf Anton Thommessen

Fødd23. september 1851
Borre
Død10. februar 1942 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar, redaktør, journalist
BarnRolf Thommessen
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Fedrelandslaget

Olaf Anton Thommessen (23. september 185110. februar 1942), også Olav eller Ola, var ein norsk journalist og politikar, kjend som redaktør i avisa Verdens Gang (1868–1923).

Han vart utdanna cand. jur. i 1877 og vart tilsett i avisa Verdens Gang i 1876. Frå 1878 til 1910 var han også redaktør i avisa, og gjorde ho til det viktigaste dagbladet for venstresida i Noreg. Gjennom sterkt politiske og polemiske leiarartiklar var han for ei tid den personen med størst innverknad i norsk presse.

Karikatur av Andreas Bloch i «Korsaren» frå 1905. Stortingspresident Berner vernar Amandus Schibsted i Aftenposten og Nils Vogt i Morgenbladet mot Olaf Thommessen frå Verdens Gang.

Han var aktiv under sprenginga av partiet Venstre i 1880-åra, der han var ein av leiarane for fraksjonen «det reine Venstre». Han knytte seinare sterke band til Christian Michelsen og vart ein av leiarane for partiet Frisinna Venstre som vart danna i 1909.

Etter ei konflikt med den økonomiske leiinga i Verdens Gang vende han redaksjonen ryggen og starta bladet Tidens Tegn, der han var redaktør og utgjevar fram til 1917.

Ein lite flatterande karikatur av Thommessen er hovudperson i romanen Redaktør Lynge av Knut Hamsun frå 1893.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]