Ola Borten Moe
Ola Borten Moe | |
![]() | |
Fødd | 6. juni 1976 (46 år) Trondheim |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar, bonde, forretningsdrivande, deltakar i internasjonale forum |
Utdanna ved | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet |
Ektefelle | Anna Ceselie Brustad Moe |
Ola Borten Moe (fødd 6. juni 1976 i Trondheim) er ein norsk gardbrukar og politikar og fyrste nestleiar i Senterpartiet. Frå 2021 er han forskings‑ og høgare utdanningsminister i Regjeringa Støre.[1]
Moe er utdanna agronom og har statsvitskap og historie mellomfag frå NTNU.
Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]
Moe vart vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 2005, etter å ha vore vararepresentant i perioden 2001–2005. Han var lokalpolitikar i Trondheim og medlem av Trondheim bystyre frå 1995 til 2007, og kommunalråd i Trondheim 1993–1996. Han var nestleiar for Kyrkje- og kulturkomiteen i Trondheim 1995–1999, og leiar for Oppvekstutvalet 1999–2003.
Moe var medlem av Senterpartiets programkomite forut for stortingsvalet 2005, og har ei særleg interesse for distrikts- og næringspolitikk. Frå haustsesjonen 2007 overtok han leiinga av Stortingets næringskomité etter at partifellen Lars Peder Brekk vart parlamentarisk leiar og trådde til i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. 4. mars 2011 overtok han som olje- og energiminister etter Terje Riis-Johansen.
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2009–: medlem i kommunal- og forvaltingskomiteen
- 2009–: første nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen
- 2007–09: leiar i næringskomiteen
- 2005–07: medlem i energi- og miljøkomiteen
- 2005–09: varamedlem i valkomiteen
Familie[endre | endre wikiteksten]
Moe er barnebarn av tidlegare statsminister Per Borten.[2] Han er gift med tidlegare stortingsrepresentant Anna Ceselie Brustad, som han gifta seg med i 2008.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 2021-10-15. Henta 15. oktober 2021.
- ↑ Løset, Kjetil (4. mars 2011). «Ola Borten Moe går i bestefars fotspor». TV 2 Nyhetene. Henta 11. mai 2013.
- ↑ Kasper Frøjd (10. april 2018). «Ola Borten Moe hardt ut mot Trine Skei Grande i sex-saken». TV2.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Einskildmenn
- Fødde i 1976
- Norske olje- og energiministrar
- Statsrådar i Regjeringa Støre
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- Senterpartistatsrådar
- Stortingsrepresentantar frå Sp
- Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Lokalpolitikarar i Trondheim
- Sp-politikarar i Sør-Trøndelag
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Trondheim