Ola Braanaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola Braanaas
Ola Braanaas.jpg
Fødd 1962
Hamar

Ola Braanaas (f. 1962) er ein norsk fiskeoppdrettar, busett på den vesle holmen Svinøya i Gulen kommune.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Braanaas vart fødd på Hamar, voks opp i Bergen og busette seg så i Florø. Braanaas arbeidde på oppdrettsanlegget til Svanøy Stiftelse før han starta Firda Settefisk i Norddalsfjorden i 1986. Då dette oppdrettsanlegget gjekk i pluss, finansierte det oppstarten av selskapet Go-Fish som han starta saman med Gudmun Strømsnes på 90-talet. Etter kort tid vart det eit av dei største oppdretts- og setjefiskselskapa i landet. På Færøyane fekk Go-Fish kontroll over halvparten av oppdrettsnæringa. Go-Fish dreiv også lakseslakteri m.a. i Florø og Davik.

I 1997 samla Strømsnes og Braanaas mange av selskapa sine i det nyoppstarta Norway Seafarms, men Braanaas heldt sitt Firda Settefisk utanfor prosjektet. Dette året vart Braanaas nr. 195 på lista over dei rikaste i Noreg. Norway Seafarms gjekk inn i Pan Fish i 1999.

Braanaas driv framleis Firda Settefisk, og er også eigar av Botnane Fiskeoppdrett i Bremanger samt ei mengd oppdrettsanlegg og eit lakseslakteri i Gulen. Han kontrollerer konsernet sitt gjennom morselskapet Firda Management.

Verksemd i Gulen[endre | endre wikiteksten]

Braanaas har kjøpt og restaurert den gamle handelsstaden Skjerjehamn i Gulen. Det var også han som stod bak oppreisinga av den store statuen av Kong Olav V der, som vart laga av kunstnaren Knut Steen på oppdrag frå Oslo kommune. Då Oslo ikkje ville ha statuen på grunn av utforminga, kjøpte Braanaas han og flytte han til Skjerjehamn. Der vart ho avduka under den fyrste Utkantfestivalen i 2007.

Eitt av selskapa til Braanaas, Firda Sjøfarmer, med avdelingar i Eivindvik og Sørbøvåg, vart kåra til Årets Bedrift av Sparebanken Vest og avisa Strilen i 2010. I takketalen sin nemnte Ola Braanaas mellom anna kor viktig det er å ikkje halda opp med å ta sjansar etter å ha oppnådd suksess.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Fordi Braanaas bur så avsides til, vart det laga eit fjernsynsprogram om han i NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu i 2010.

Dette året står han òg som 3. vararepresentant til Stortinget for Sogn og Fjordane Høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]