Ola J. Linge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola J. Linge
Fødd 2. oktober 1885
Død

5. oktober 1973 (88 år)

Yrke musikar

Ola Jensson Linge (2. oktober 18855. oktober 1973) var ein norsk musikar og musikkhistorikar frå Norddal. Martin Linge var ein yngre bror.

Ola J. Linge byrja spele i Divisjonsmusikken i Trondheim og studerte så musikk i både Dresden og i Paris, og filologi ved Universitetet i Oslo.

I 1916 flytta han til Frankrike og starta nokre år seinare ei musikkforretning i Paris. Han gav i 1936 ut ein omfattande biografi om Ole Bull, bak verket låg 30 år med kjeldegransking. I 1951 publiserte han to komposisjonar av Bull, høvesvis Siciliano e Tarantella og Barcarolle, begge då ukjende verk. Linge skreiv sjølv musikk av ymse slag, og gav ute ei lærebok i musikk. Han konstruerte elles eit mekanisk undervisningsapparet for notelære og song etter notar.

Etter 2. verdskrigen flytta han heim til Norddal og tok over farsgarden på Linge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]