Ola Jonsmoen
Ola Jonsmoen | |
![]() | |
Nasjonalitet | Norsk |
Fødd | 9. juli 1932 (87 år) Alvdal |
Yrke | Lærar, rektor |
Periode | 1959- |
Ektefelle | Unni-Lise Jonsmoen |
Debut | Dagen, vinden og hjartet |
Ola Jonsmoen (fødd 9. juli 1932 i Alvdal)[1] er ein norsk forfattar, lokalpolitikar og skolemann.
Han har gjeve ut fleire diktsamlingar, novellesamlingar, barnebøker, skodespel, skjemtebøker og romanar, fleire av bøkene er illustrerte av kona Unni-Lise Jonsmoen.
Han har skrive skodespela Ei fjellbygd (etter Nicolai Ramm Østgaards roman), Dei urolege av hjarte og Bak lengste mil; dei to siste oppførte i Tylldalsspelet i Tylldal. Jonsmoen var i ei årrekkje rektor ved Holmen vg skole på Tynset. Han skriv på nynorsk.
Jonsmoen har representert Venstre i kommunestyret i Alvdal i to periodar frå 1963 til 1971. Han vart vald inn på ny i 1995 og i 1999. Frå 1999 til 2003 var han varaordførar. Han har vore ein framifrå talsmann spesielt i kulturspørsmål i kommunen, mellom anna som mangeårig medlem av Hovudutvalet for kultur og fritid, og av bygdeboknemnda. Han har også vore medlem av Norsk Språkråd, Norsk kulturråd, Norsk bibliotekråd og nestleiar i Statens seniorråd.
For sitt mangeårige virke i kommunens kulturliv fekk han og kona Unni-Lise Jonsmoen Einar Steimoeggens Minnediplom i 1992.
Ola Jonsmoen fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2002.
Innhaldsliste
Verkliste[endre | endre wikiteksten]
- Dagen, vinden og hjartet– dikt (1959)
- Singeling for rare ting– barnebok (1961)
- Hume Brumle– barnedikt (1962)
- Omvegar, dikt– (1967)
- Timinan-Frikk og Peppar-Jon– barnebok (1968)
- Godnatt alle snille– barnebok (1969)
- Jonas ved Amasonas– barnedikt (1969)
- I Blåfugl kro– noveller (1970)
- Celle– dikt (1971)
- Da vi fekk ein bror– barnebok (1971)
- Luringar i sør og nord– barnebok (1971)
- Den døde er død – skuespill (1972)
- Om desse steinane tala – (1973)
- Morn, røvarungar – barnebok (1973) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Kabalmennesket – (1974)
- Flaggermus i grisehus – barnebok (1974) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Liv i grenda – barnebok (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Fartsgrense null – viser og dikt for barn (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Fantasi og fakta – sakprosa, lærebok (1978) (saman med Atle Røhme)
- Farlig ferd for fire – barnebok (1978)
- Så glad at det kiler i foten – songspel for barnekor (1978) (musikk ved Ellef Røe)
- Til bekken etter vatn – diktsamling (1979)
- Ei fjellbygd – musikkspel fritt etter Nicolai Ramm Østgaards En fjeldbygd - Billder fra Østerdalen (1979) (musikk ved Ellef Røe)
- Morgonmat og synnavind – (1980) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Ingen helter i Snare-veien – barnebok (1980) (illustrert av Per Christiansen) / Nynorsk utgave Ingen heltar i Snare-vegen (1981)
- Filister.. hunden? – novellesamling (1981) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Huset med alle vindauga – skodespel (1981)
- Dei urolege av hjarte – olsokspel (1983) (musikk av Ellef Røe)
- Endeleg min tur – barnebok (1984)
- Ut å sjå og heim og dans – (1985)
- Middagshøgder – roman (1986)
- Billett båe vegar – noveller for barn og ungdom (1986)
- Utkanten midt i verda – (1988) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Endestasjonar – (1990)
- Dreng. Hund og hann. Frå ein labradors liv – (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Flyktning i snøen – (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Sivil-Sara – (1993) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Skjoldlua. Kvardagsbruk og brukskunst – sakprosa (1993) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Nordspor – roman (1995)
- Bikkjeredd – noveller for ungdom (1995)
- Den store møteboka – sakprosa (1997) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Den nye sjukeboka – sakprosa (1998) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Høgder over havet – diktsamling (1999) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Boa struts – billedbok (2000) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Bak lengste mil – olsokspel (2001)
- Minneboka. Stutt versjon – (2001) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Vinterbrann – noveller (2002)
- Lommeboka – sakprosa (2003) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Sølverglans og andre noveller – novellesamling (2005)
- Skal vi synge eller slåss – epistlar (2006)
- Utkant i kant på kanten : fem tekstar for scenen (2007)
- Ansiktsløfteboka – (2007)
- Kentaur men helst hest – dikt (2008)
- Johannes i sporet. Hysj, hysj! : ei bildebok – barnebok (2009)
- Hageboka – (2009)
- Johannes til fjells. Sjå, sjå! : ei bildebok – barnebok (2010)
- Johannes og villreinen – barnebok (2011)
- Johannes og nordlyset – barnebok (2012)
- Betonggras – noveller (2012)
Prisar[endre | endre wikiteksten]
- Hedmark fylkeskommunes kulturpris 1989 saman med Unni-Lise Jonsmoen
- Vinjeprisen 1991
- Einar Steimoeggens Minnediplom 1992 saman med Unni-Lise Jonsmoen
- Kongens fortenestemedalje i gull 2002
- Målprisen (Noregs Mållag) 2003
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Ola Jonsmoen». forfatterkatalogen.no. Henta 14. september 2017.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Digitaliserte bøker av Ola Jonsmone hjå Nasjonalbiblioteket