Ola Steinholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ola M. Steinholt)
Ola Steinholt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. oktober 1934
Trondenes kommune
Død

20. april 2009 (74 år)
Tromsø kommune

Yrke prest
Verv Biskop i Nord-Hålogaland
Periode 1990-2001
Føregangar Arvid Nergård
Etterfylgjar Per Oskar Kjølaas
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Ola Markus Steinholt (fødd 4. oktober 1934 i Trondenes, død 21. april 2009 i Tromsø[1]) var ein norsk teolog, biskop 1990-2001 i Nord-Hålogaland. Han var son til Ole K. Steinholt.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ola Steinholt utdanna seg ved det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, cand.theol. i 1959. I 1961 vart han ordinert som prest i Trondenes kyrkje. Deretter hadde han feltprestteneste i Nord-Noreg og i Gaza i perioden 1961–1970, og sidan garnisonsprest for Nord-Noreg.

Han vart sokneprest i Vefsn i 1971, og frå 1984 til 1990 var han domprost i Tromsø, før han i perioden 1990–2001 var biskop i Nord-Hålogaland bispedømme. Då han gjekk av som biskop vart han samtidig pensjonist.

I Den norske kyrkja vart Steinholt på mange måtar sett på som kontroversiell. Mellom anna var han ein av dei fyrste som tok til orde for at for at kyrkja skulle godta homofilt samliv, også blant dei tilsette. Steinholt vart difor sett på som ein uredd og folkeleg biskop.[1]

Steinholt har også skrive essaysamlinga Sett nordfra (Alta: Nordnorsk forlag, 1982. ISBN 82-92183-05-1). Han vart tildelt St. Olavs Orden i 2003.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «- Et sorgens budskap» av Geir-Arne Blix Johansen på Nordlys.no (21.04.2009).