Hopp til innhald

Ola Martinus Høgåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Martinus Høgåsen

StatsborgarskapNoreg
Fødd2. august 1900
Død

1. november 1964 (64 år)

Yrkeordførar, lærar, forfattar
Språknorsk, nynorsk
Politisk partiArbeidarpartiet

Ola Martinus Høgåsen (2. august 19001. november 1964) var ein norsk lærar, bygdegranskar, forfattar og politikar for Arbeidarpartiet.

Høgåsen vart fødd i Grue i Hedmark og var av norsk-finsk-svensk ætt.[1] Han gjekk lærarskulen i Oslo 1919-1921, tok lærarhøgskulen 1926-1927 og hadde stipendferd til Sverige og Finland i 1938.[2] Han var tilsett som lærar i Nord-Fron mellom 1921 og 1938, og frå 1939 til han gjekk av med pensjon var han lærar, kyrkjesongar, skuleinspektør og skulestyrar i Vågå.[1]

I krigsåra var han aktiv motstandsmann alt frå byrjinga av, og då kongen, kronprinsen og regjeringsmedlemane kom til Sandbu i aprildagane 1940 fylka Høgåsen ein vaktstyrke. Grunna motstandsarbeidet mista han jobben ved Vågåmo skule i 1941, og vart internert på Jørstadmoen leir. Seinare sat han òg ei tid i Oslo Distriktsfengsel. Frå mai 1943 og fram til frigjeringa budde han i Skjåk.[3]

Som aktiv lokalpolitikar og organisasjonsmann var Høgåsen mykje med i målstrev, ungdomsarbeid og i det politiske livet. Han sat mellom anna som varaordførar i Nord-Fron i seks år, og var ordførar i Vågå frå 1946 til 1952. Høgåsen var òg medlem av styret i Noregs Mållag i perioden 1939-1955. Attåt det politiske arbeidet gav han ut tri diktsamlingar og fleire barnebøker. Som forfattar stod han mellom anna bak den fyrste attdiktinga av Internasjonalen til nynorsk, prenta i diktsamlinga Kolbein sterke og andre kvæde i 1929.[4] I 1940 vart han påskjøna med Melsom-prisen for barneboka Mat for Mons. Høgåsen var òg medarbeidar i bokverka Norske Gardsbruk, Norsk Allkunnebok og Norsk Ordbok.[1] Frå 1945 sat han som skriftstyrar for «Årbok for Gudbrandsdalen».[5]

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Vårbekk vaknar, dikt 1923
  • Kolbein sterke og andre kvæde, dikt 1929
  • Mat for Mons 1939 (Melsom-prisen)
  • Mannen i månen 1942
  • Håkå i Haug og andre barneeventyr 1943
  • Breste bogeskyttar og andre eventyr 1948
  • Syng med oss [1953] (redaktør)
  • Pelle Ping-Pang og andre eventyr 1955
  • «Foraktet av de store, men elsket av de små» 1961
  • Skrinet med det rare i, barnedikt 1964 og 1999
  • Hosar, K. (1999). Eit kulturmenneske frå skogane i aust. I K. Skullerud (Red.), "Århundrets døler". Lillehammer: Thorsrud, Lokalhistorisk forl.
  • Reinton, L. (1954) Høgåsen, Ola Martinus. I Norsk allkunnebok. VI. bandet. Oslo: Fonna Forlag
  1. 1 2 3 Hosar, K. (1999), s. 102
  2. Reinton, L. (1954), s. 515
  3. Hosar, K. (1999), s. 102-103
  4. Arbeiderhistorie: årbok for Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. 2013. Oslo: Universitetsforl. 2013. s. 51.
  5. Reinton, L. (1954), s. 516