Ola Mjanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Mjanger
Fødd 1889
Død

4. august 1968 (79 år)

Yrke skribent, lærar

Ola Sjursson Mjanger (3.mars 18894. august 1968) var ein norsk forfattar og skulemann frå Masfjorden.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mjanger var i unge år lærar i heimbygda. Før fyrste verdskrigen flytta han til Trøgstad og var nokre år lærar der. Sidan fekk han undervisningsstilling i Larvik og arbeidde i byen i over 40 år. Han var formann i Larvik og Brunla norskdomslag i mange år, og skreiv lagssoga då laget i 1942 runda 25 år.

I tida 1931-48 gav han ut ti barnebøker på Norlis Forlag, Fonna Forlag og Norsk Barneblads Forlag. Handlinga i bøkene er ofte lagt til det samtidige Larvik eller til det historiske Vestfold. I den siste boka, Nybyggjarane på Galapagos, utgjeven under psevdonymet Ølve Mjålid, handlar det om internasjonal kvalfangst og fekk eit visst dokumentarisk preg gjennom undertittelen 'Fortald etter folk som var med på ferda'.

Under andre verdskrigen forfatta Mjanger romanen Den unge hermannen. Ei soge få Gyldenløvekrigane i 1670-åra (1944) med emne frå Larviks historie. Boka kan lesast som eit skjult innlegg i motstandskampen mot den tyske okkupasjonsmakta. Mjanger sine bøker er skrive i den realistiske gutebok-tradisjonen, med vekt på spenning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]