Ola Okshovd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Okshovd
Fødd1872
Død1960 (88 år)
Verka sommusikar

Ola Okshovd (18721960) var ein norsk spelemann frå Øystre Slidre i Valdres. Han har mellom anna vore læraren til Haldor Røyne.

Okshovd var den førande spelemannen i Øystre Slidre i si tid, og jamførast ofte med Olav Moe. Dei førande læremeistrane hans var faren Gullik Okshovd, Jøger Sagahaugen og Nils Beitohaugen.Som andre spelemenn av same generasjon la han seg etter konsertspel, og var mykje i lag med spelemenn frå andre bygder, mellom dei A. C. Kleven og Johan Kleven frå Krødsherad. Okshovd har æra for å ha bygd ut og brigda om på fleire gamle valdresslåttar, mellom dei springaren Bikkjelåtten, som han døypte om til Fagerdalen. Han henta og ein del utanbygds spel til Valdres, som han brøytte om i valdrestradisjon. Han var nok påverka av Lars Fykerud, på same vis som Olav Moe. Haldor Røyne kalla han seinare ein "spelemann av Guds nåde". Samstundes heldt Okshovd liv i det gamle spelet frå Øystre Slidre, og mange av dei mest sermerkte slåttane herifrå er spela i tradisjon etter han.

Slåttar skrivne ned etter Ola Okshovd[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har trykt opp 23 slåttenedskrifter etter Okshovd. Dei fleste er gjort av Arne Bjørndal, men det finst og nokre etter Truls Ørpen og Eivind Groven.

Gangar 6/8:

  • Halling, norsk folkemusikk 55. Nedskrift Arne Bjørndal 1912 (B 1031). Okshovd hadde slåtten etter gamle spelemenn i Valdres.
  • Lea deg, gamle Ola, Norsk folkemusikk 112a. Nedskrift Truls Ørpen 1926 (Ø 36). Okshovd hadde slåtten etter Nils Beitohaugen frå Øystre Slidre.

Gangar 2/4:

  • Gamal brurlåt, norsk folkemusikk 144e. Nedskrift Arne Bjørndal 1912 (B 1053). Slåtten er etter gamle spelemenn i Øystre Slidre, mellom dei faren Gullik Okshovd. Variant av Den vande låtten.

Springar:

  • Ulrik Jensestogun, norsk folkemusikk 140. Nedskrift Truls Ørpen 1916 etter grammofoninnspeling (Ø 69). Nedstilt bass. I hardingfeleverket står det «Etter Rudi og Okshovd».
  • Ljosblått, norsk folkemusikk 157. Nedskrift Arne Bjørndal om lag 1928 (B 930). Slåtten er etter Nils Beitohaugen. Slåtten er spela på sokalla «grønt» stille (G-D-A-H). Slåttar på slike stille vart gjerne spela tidleg på morgonen.
  • Springar, norsk folkemusikk 159. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1040). Okshovd hadde slåtten frå far sin. Slenger noko inn på springaren Hallingstugo.
  • Springar, norsk folkemusikk 160. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1062). Slåtten er ofte kalla Søre Myrelåtten. Nedstilt bass.
  • Okshovden, norsk folkemusikk 161. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1066). Denne har Okshovd laga sjølv.
  • Teigen, norsk folkemusikk 162. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1115). Okshovd hadde slåtten etter Anders på Teigen, Øystre Slidre. Slåtten heiter etter han. Nedstilt bass og alderdommeleg tonalitet. Slåtten er stundom òg kalla «Gamle Teigen».
  • Springar, norsk folkemusikk 165. Nedskrift Arne Bjørndal om lag 1930 (B 1292). Slåtten er etter Ola Vedhamar, Øystre Slidre, som døydde i 1900. Nedstilt bass.
  • Skjemt og ålvor, norsk folkemusikk 166. Nedskrift Arne Bjørndal 1936 (B 1295). Okshovd har laga slåtten og truleg namnsett han. Minner noko om Slidringen i det første veket.
  • Oskesekken, norsk folkemusikk 183. Nedskrift Eivind Groven 1936 (G 972) (etter Knut Øysteinsson Rudi og Ola Okshovd). Slåtten er mykje nytta som opplæringsslått i Valdres.
  • Springar, norsk folkemusikk 355. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1064). Ljosblått stille (G-D-A-D).
  • Sylkjegulen, norsk folkemusikk 400a. Nedskrift Eivind Groven 1952 etter opptak i NRK (G 871).
  • Sylkjegulen, norsk folkemusikk 400b. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1026). Slåtten har og vore nytta på Vestlandet. Okshovd hadde han etter faren Gullik Okshovd.
  • Knut Vårums springar, norsk folkemusikk 402a. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1043). Slåtten er etter faren Gullik Okshovd. Slåtten heiter etter spelemannen Knut Vøle frå Hegge i Øystre Slidre.
  • Knut Vøle, norsk folkemusikk 402b. Nedskrift Truls Ørpen 1916 (Ø 299). Denne forma er etter Nils Beitohaugen eller Gullik Okshovd. Slåtten er på nedstilt bass.
  • Grålysing, norsk folkemusikk 419a. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1100). Spela på grålysingsstille eller trollstilt. Variant av Bjølleslåtten (419b skriven ned etter Ola Mosafinn). Grålysingane vart spela når det lysna av dag.
  • Springar, norsk folkemusikk 460a. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 1039). Springaren er etter Jøger Sagahaugen, som hadde han frå Jørn Hilme. Variant b er etter Torleiv Bolstad, som spela slåtten i tradisjon etter Okshovd.
  • Stundo æ mi kjering god, norsk folkemusikk 490c. Nedskrift Arne Bjørndal 1912 (B 445). Slåtten finst i både Hallingdal og Valdres.