Ola Raknes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ola Raknes

Ola Raknes (17. januar 188728. januar 1975) var ein norsk psykolog, filolog og faglitterær forfattar. Han var internasjonalt kjend som psykoanalytikar i reichiansk tradisjon, og han har vorte omtala som ein som heile livet sitt arbeidde med idéformidling gjennom mange språk og mellom ulike erkjenningsmessige referansesystem, vitskap og religion (Dannevig, 1975), og han var store delar av liv sitt ein aktiv samfunnsdebattant. Han vert òg gjeven stor vellæte for å ha medverka til å styrkja og berika det nynorske målet og den nynorske ålmenta.

Raknes var kjend som ein grundig filolog og ein omstridd terapeut. Han var internasjonalt kjent som ein av den austerrikske psykoanalytikaren og naturforskaren Wilhelm Reich sine næraste elevar og forsvararar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ola Raknes var son av gardbrukar Erik Askildson (Askjellson) Raknes (1856–1926) og Magdali Olsdotter (fødd Raknes) (1859–96) og voks opp på slektsgarden Raknes i HamreOsterøy i Osterfjorden i den bergenske skjergarden i eit strengt pietistisk miljø. Han var gift to gonger: i sitt første ekteskap frå 1911 med Aslaug Vaa (1889–1965, ekteskapet oppløyst i 1938) fekk dei saman borna Magli (1912–1993), Anne (1914–2001), Tora (1916 – 1995), Tor og Erik. Ekteskap nummer to i 1941 med Gjertrud Bonde (fødd 1913) gav han dottera Ada.

Studiar og arbeid side om side[endre | endre wikiteksten]

Ola Raknes gjekk på folkeskule på nabogarden og jobba så ei tid på garden heime og med fiske som han òg hadde hadde gjort sidan. Han gjekk på middelskulen i Volda. Av di foreldra ikkje hadde råd åleine, vart naboane med og spleisa så han fekk byrje på skule i Bergen (Fossum, 1975), og han tok eksamen ved Hambros skole i 1904. Examen artium tok han som privatist ved Kristiania katedralskole i 1907. Vinteren 1907–08 drog han med sjøelefantfangarbåten Solglimt til Crozet-øyane langt sør i Indiahavet for å samle planter og dyr for universitetet i Kristiania. Ein levermose, Jamesonella raknesii er oppkalla etter han. Somrane frå 1910 til 1916 gjorde han militærtenesta si.

Ola Raknes tok forskjellig lærararbeid i åra frå 1910 til 1914 og arbeidde som journalist frå 1914 til 1916 i avisa Den 17de Mai samstundes som han fortsette studiane sine. I tillegg jobba han i denne perioden som hotellmann. I 1915 tok han cand. philol. språkleg-historisk embetseksamen med norsk hovudfag og fransk og engelsk sidefag. Hovudfagsavhandlinga skreiv han om Egil Skallagrimsson. I 1916 var han overlærar ved Larvik høiere skole i eitt år. I 1917 fekk han ei stilling som lektor i norsk språk og litteratur ved Sorbonne-universitetet i Paris, og han nytta dei fire åra her flittig ved å studere generell psykologi, religionspsykologi, biologi, sosiologi og vidare mellomalderlitteratur, mellomalderfilosofi og teologi ved sidan av lærarstillinga si. Han fortsette desse studia da han etter Sorbonne byrja i stillinga som norsk lektor ved University College i London der han var frå 1921 til 1922.

Ola Raknes sin kapasitet til arbeid var kjend i vide krinsar, og i ein periode jobba han både som lektor ved Oslo katedralskole (1922–1927) og skøytte vervet som sekretær i Det Norske Samlaget, samstundes som han jobba med ordboka og førebudde doktorgradsavhandlinga si i religionspsykologi, Møtet med det heilage. Ein etterrøknad um det psykologiske grunnlaget for religion, som kom i 1927. Avhandlinga, som òg var utgjeven i bokform (boka vart utgjeven på ny på 70-talet), undersøkjer fenomenet religiøs ekstase i ljos av det som da var nyare funn og teoriar innan etnologi og særleg psykologi og psykoanalyse. I 1924 tok han i tillegg eksamen i pedagogikk. Ved sidan av dette arbeidde Raknes som omsetjar. Raknes studerte psykoanalyse ved Berliner Psychoanalytische Institut 1928-29 og ved Orgone Institute i New York 1946. Frå 1929 dreiv han privat praksis som psykoanalytikar. Han gav ut ein del populærpsykologiske artiklar som han samla i Fri vokster som kom ut i 1949.

Arbeidet for nynorsken[endre | endre wikiteksten]

I mai 1908 vart studenten Ola Raknes styrar og altmoglegmann for Norskt Maalkontor, og i jobben som han hadde fram til oktober 1910 tok han seg av sal av bøker og det administrative arbeidet for Det Norske Samlaget. Han vart ei drivande kraft bak så vel bokutgjevingar som -sal og fekk orden på rekneskapane som ikkje hadde vorte ført på tre år. Som laget sine første skrivar var han dimed med på å byggje opp Samlaget sin første eigentlege administrasjon i den perioden da nynorsk bokutgjeving så smått var byrja stå på eigne bein (Skard, 1975). Ola Raknes gjekk med i Studentmållaget i Oslo, som var skipa i 1900, og fekk der ei sentral rolle, mellom anna vart han vald til formann i 1913, men måtte seie frå seg vervet. Seinare var han der ein flittig nytta føredragshaldar både på 1920- og 1930-talet. Allereie som student gav Ola Raknes ut Fransk-norsk ordliste. Etter at han kom heim frå London tok han fatt på arbeidet med Engelsk-norsk ordbok som vart utarbeidd mellom 1922 og 1927. Denne og Fransk-norsk ordbok som vart skriven mellom 1939 og 1942 vart båe skrivne for Samlaget si skuleboknemnd, der Raknes sat i styret frå 1915 til 1917.

Ola Raknes var ein elskar av dikting, og saman med I.C. Grøndahl gav han i 1923] ut den første moderne norske litteraturhistoria på engelsk. Han vart ein omtykt omsetjar, både av vitskapleg og kunstnarleg prosa. Han hadde det filologiske tilsynet med Henrik Rytter si ti-binds Shakespeare-omsetjing. Om dei to ordbøkene Ola Raknes gav ut, skriv Sigmund Skard (Skard, 1975) at dei langt frå å vere reine glosesamlingar var svært personlege arbeid som igjen spegla Ola Raknes si leiting etter identitet. Skard held dette arbeidet opp mot Ivar Aasen si gjerning to mannsaldrar tidlegare. Aasen hadde arbeidd seg gjennom heile ordtilfanget i norsk folkemål og halde det opp mot eit anna nordisk språk. Skard skriv at Raknes «med mektig innlevingsevne tok opp i seg verdiene i to av de største og eldste europeiske kulturmål, eigna til seg alt dei åtte, frå fortid til notid, og konfronterte det med sin eigen språkarv og si personlege språkkjensle. Til kontroll drog han inn den levande notids-talen i eit av dei rikaste austnorske bygdemåla, i samarbeid med første kona si, diktaren Aslaug Vaa, og far hennar, bonde Tor Vaa. I ei lang framtid vil desse bøkene vera til dagleg gang for alle som arbeider med det norske målet.»

Både skuleboknemnda og i nokon mon òg folkeskriftnemnda som han òg var medlem av frå 1911, fungerte som skular i forlagsdrift der studentane måtte syte for alt det som høyrde til det å gje ut bøker: marknadsvurderinger, redaksjonelle vurderingar, forfattarrekruttering, praktisk redaksjonelt arbeid, avtaler med forlag eller trykkeri, distribusjon, marknadsføring og økonomi. Ordbøkene til Ola Raknes fekk omdøme for å vere så omhyggjelege at sjølv dei mest uprentelege tabuord var tekne med, og dei vart viktige reiskapar i den nynorske kulturkampen. Frå 1922 til 1930 arbeidde han igjen for Samlaget, nå som sekretær for styret, i praksis var han forlagssjef. Ola Raknes omsette òg fleire skjønnlitterære og vitskaplege verk til nynorsk. Han la og ned eit stort arbeid i den filologiske og psykologiske terminologi i nynorsk. Raknes engasjerte seg sterkt i målrørsla, i det medrekna høgnorskrørsla, og han var eit av medlemmene da Norsk Måldyrkingslag vart skipa i 1928.

Frå barndom til ung vaksen alder[endre | endre wikiteksten]

Religiøs lengsle[endre | endre wikiteksten]

Ola Raknes var alt frå tidleg barnsbein av sterkt oppteken av religionen. Særleg var det tanken om og otten for helvete grubleria krinsa om. Ein gong mellom sju og elleve års alder byrja han å undre seg over det dei frelste fortalde om at dei ved å venda seg om hadde fått, eller fått del i, eit nytt og betre liv, eit liv som dei uomvende ikkje kjende til og ikkje kunne skjøne. Han hadde ei vag kjensle av at dei på ein eller annan måte hadde rett, men på same tid meinte han at dei òg tok feil. Det sat i han eit uklårt minne om at han ein gong hadde opplevd dette livet, som han sjølv sa frå han var 3–4 år gammal, da han var kyrkjebyggar. Seinare meinte han dette måtte ha vore han sin barnlege måte å uttrykkje at han hadde kjent eit anna liv før. Frå tiårsalderen av og i fleire år frametter freista han så å kome i kontakt med dette andre livet. Han gjekk på oppbyggjelege møte i bygda, og han gjekk òg ofte i kyrkja, sjølv om han likt dei frelste meinte at akkurat det var mindre viktig fordi det var mindre sannsynleg at ein religiøs omvending skulle byrje der. Det var ein konstant otte for å hamne i helvete som dreiv han, for dit var han viss på at han ville hamne om han ikkje lukkast med å finne fram til det nye livet.

Til tross for alt sitt strev lukkast det han aldri å oppnå omvending. Han kjende det ville vere uærleg dersom han, slik ein del av kameratane hadde gjort, stod opp og vitna om at han hadde fått nåden, og han var dessutan i sterk uvisse om alle dei som vitna såleis var heilt ærlege. I tilbakeblikk tenkte Raknes at noko av det som heldt han attende må ha vore frykta for å gje slepp.

Oppdaga determinismen[endre | endre wikiteksten]

I juleferien før han fylde sytten kom han over eit lite hefte om determinisme[1]. Med unnatak av nokre populærvitskaplege artiklar av G.H Armauer Hansen var dette det første han las som fekk han til å tvile på dei religiøse lærdomane han inntil da hadde motteke. Sjølv om han skulle gløyme mesteparten av innhaldet i heftet, fekk det han til å finne trua på eit evig helvete meiningslaus, og det gav han òg mot til å stole mykje meir på sine eigne tankar og kjensler enn han nokon gong tidlegare hadde våga. Da han litt seinare fortalde bestevenen sin, seinare amtskulestyrar Per Erdal, om sitt nye syn på helvete, var det ei glede å høyre at venen var einig med han. Etter dette slapp interessa for religion taket i Ola Raknes i fleire år, og interessa for eit liv etter døden forsvann for aldri å komme attende[2].

I åra før og etter at han som tjueåring tok artium, var det vanleg blant kameratane å fleipe og drive ap med både religion, filosofi og psykologi som nærmast vart rekna for overtru eller leik med innhaldslause omgrep. Raknes opplevde at slike emne ikkje var noko for ein som hadde tenkt å gjere noko nyttig med livet sitt, og det hadde han. Da han etter artium byrja å studere filologi, håpa han at han i dei mål og litteraturar han studerte kom til å finne eit felt der han kjende at han hadde ei oppgåve. Men same kor interessante mange emne tyktest vere i byrjinga, var det ingen som baud han noko oppgåve han kunne gå opp i. Og på same måte opplevde Ola Raknes det med kvinnene: Han møtte mange han likte og mange som han i ettertid nok trur òg likte han, men på den tida kjendest det som om inga kvinne kunne kome til å verte glad i han. Enda det var kva han lengta etter mest av alt.

Forelsking og første ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Da han var tjuefire og eit halvt år gammal skulle han oppleve sin første store kjærleik sidan barndomen[3], noko som vart opplevd som ein openberring og ein revolusjon. Fram til da hadde han følt det som om livet berre seig fram føre han, med han sjølv som ein passiv tilskodar. Frå no av kjende han at han levde og at han sjølv var ein del av livet, sjølv om han enno ikkje hadde funne sitt eige arbeidsområde. Ola Raknes og Aslaug Vaa møttest i Studentmållaget i Oslo. Dei jobba òg saman i redaksjonen til Den 17de Mai. Det var interessa for intellektuelle sysler som førde dei saman, meinte Aslaug si svigerinne Thora Vaa (gift med broren Dyre Vaa)(Fyllingsnes, side 11). Dei neste åra skulle fokuset vendast i retning av praktisk arbeid: det filologiske studiet, pengar som måtte tenast og ein stadig veksande huslyd. Den første dottera, Magli, vart fødd i Oslo året etter at Ola og Aslaug gifta seg. Dei første åra var familien stendig på flyttefot, og den andre dottera, Anne, vart fødd på slektsgarden til Aslaug Vaa i Kviteseid. Imens hadde dei budd i Paris der både Ola og òg Aslaug studerte, og dei flytta òg tilbake til Paris i 1919. Dei budde i Rue Bonnard, nærmast i ein kunstnarkoloni, med Henrik Sørensen og Dagfin Werenskiold som nærmaste naboar, men det var Aslaug som mest høyrde heime i lag med kunstnarane. Da Aslaug fekk tyfus og måtte reise heim til Noreg etter to år i Paris, blei de to yngste av dei inntil da fire borna med medan dei to eldste, Magli og Anne blei verande saman med Ola i Paris. Etter Paris-opphaldet budde familien eitt års tid igjen i Kviteseid. Deretter flytta den til ein leigegard i Johan Bruns gateAdamstuen som Ola Raknes hadde kjøpt. Der budde dei i fire år. Etter det flytta dei til Lysaker der dei blei buande til 1932-33. Da hadde Ola byrja tene so pass med pengar at dei igjen kunne flytte inn til Oslo (Fyllingsnes, s.6).

Ut over på tretti-talet byrja ekteskapet å gå især. Ola Raknes var meir oppteken av psykoanalysen medan Aslaug Vaa fann vegen inn i poesien. Hennar debut fann stad så seint som i 1934.

Interessa for det religiøse[endre | endre wikiteksten]

Religionsdebatt[endre | endre wikiteksten]

Omkring da han fylte tretti vart Raknes involvert i eit ordskifte i media med skulemannen Jakob Naadland og biskop Peter Hognestad om løna for gode gjerningar. Desse to meinte at mennesket trong ein lovnad om godtgjersle for å klare å halde seg på den rette veg. Likevel hevda Ola Raknes «at det er naturleg for mennesket å elska og vera god, dei er grundhåttar hjå mennesket og treng inga anna ‘løn’ enn å få fungera fritt» (Raknes, 1959). Etter denne debatten byrja han lese ulike bøker, mest på slump, om framande religionar, både primitive og kulturreligionar.

Religionsstudiar[endre | endre wikiteksten]

Same året som religionsdebatten, 1917, byrja han på sine fire år som lektor i norsk språk og litteratur ved Sorbonne-universitetet i Paris, og han hadde planlagt opphaldet slik at han skulle få moglegheit til å studere etter eige val ein del av tida. Det første han ville studere var samanhengen mellom fransk og norsk litteratur i mellomalderen. Han byrja lese Joseph Bédier sitt store verk om Les Légendes Épiques, et verk som fjetra han og fekk han overtydd om at dersom han ville forstå verknadene av fransk mellomalderlitteratur og påverknadene frå den, så måtte han òg ha noko kjennskap til den periodens filosofi og teologi. Han tok så kontakt med universitetet sin professor i desse faga, François Picavet, studerte fleire av bøkene hans, følgde forelesingane hans og hadde fleire samtalar med han. Picavet hadde den prisverdige vanen å lage samandrag når han hadde arbeidd med eit tema, der han oppsummerte utviklinga fram til vår tid. Slik vart Raknes merksam på kor viktig religionspsykologien er for både religions- og psykologistudiet. Det var etter dette at han byrja lese William James si bok The Varieties of Religious Experience, den boka som av alle skulle gjere sterkast inntrykk på han, og som han seinare skulle omsetje til nynorsk med tittelen Religiøs røynsle i sine ymse former (utgjeven i 1920). Dette var første gong han opplevde religion handsama som eit naturleg fenomen, og som i alle høve forsøkte å gjere seg fri frå det religionane meiner om seg sjølve, og han bruka mange veker på å komme gjennom boka, og han gjekk rundt fullstendig oppslukt av nye tankar og kjensler. I tilbakeblikk skriv han at dei fleste venene hans såg på han som om han hadde vorte galen sjølv om eit par kunstnarar såg ut til å misunnast han. På sin siste fødselsdag, kort tid før han døydde, beskreiv Raknes William James som den personen som hadde betydd mest i hans liv (Dannevig). Openberringa som denne boka gav Ola Raknes var det som han hadde venta på og som skulle vise han eit arbeidsområde som han kunne gjeve seg sjølv heilt og fullt til, eit som i alle høve var viktig for han sjølv, og kan hende òg for mange andre.

Raknes opplevde no at han kunne forstå religionane «innanfrå», sjølv om han sjølve ikkje trudde på nokon dogmatisk religion. Det måtte verte oppgåva hans, meinte han, å påvise kva som verkeleg var sant og verdfullt i religionen og samstundes korleis det i kvar einskild religion var komen inn så mykje som ikkje var sant, men beint fram livsfiendtleg. Trongen etter å skaffe ytterlegare informasjon melde seg sterkt. Han trong konkret kunnskap, både om de ymse religionane, om religionsfilosofiane, om etnologi som gjev bakgrunn og grobotn for dei ulike religionane, og om livet i alle sine ovringar. Han byrja lese så mykje han kunne på alle desse områda, delvis på slump, og på universitetet følgde han forelesingar, kurs og seminar i allmenn psykologi og religionspsykologi, psykopatologi og psykiatri, og i biologi. Raknes las hovudverka innan den franske sosiologiske skulen til mellom andre Durkheim, Mauss og Lévy-Bruhl, og han las ei rekkje bøker om mystikk. Den beste opplevde han var Les grands mystiques av Henri Delacroix, som var læraren hans. Han las òg hovudverka innan den enno spirande religionspsykologien som særleg hadde hatt sitt utspring i Amerika, og innan etnologi las han mellom anna ein rekkje bøker av katolske misjonærar.

Han fortsette desse studia da han etter Sorbonne byrja i stillinga som norsk lektor ved University College i London der han var frå 1921 til 1922.

Kjelda til ekte religion[endre | endre wikiteksten]

Det som Ola Raknes med dette ønskte, var at han skulle verte i stand til å forklare og demonstrere si sterke overtyding som han visste han ikkje enno var i stand til å prove. «Eg ville vera i stand til å forklåra og demonstrera mi eiga overtyding som eg heilt frå det fyrste kjende var sann, endå eg var klår over at eg ikkje var i stand til å prova ho. Den overtydinga var at kjelda for all ekte religion er ei indre røynsle av liv og vokster og kontakt med eitkvart utanfor eins eige tronge sjølv. I si trongaste form kan du ha denne røynsla lokalisert til eit sår som gror, i si vidaste form er det ei kjensle av kommunion med heile universet. Eg tenkte fyrst på å kalla denne røynsla for ‘vokster-medvit’.» (Raknes, 1959)

Tilbake i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Etter dei fem åra utanlands var økonomien skrapa og all tid måtte rettast inn mot økonomisk lønnsamt arbeid. Han underviste i språk og litteratur ved gymnaset og skreiv si engelsk-norsk ordbok. Først i 1927, etter at han var fylt 40 år, rakk han å fullføre den boka han hadde byrja å gruble på i Paris og som vart påbyrja i London. Boka var Møtet med det heilage. Ein etterrøknad om det psykologiske grunnlaget for religion, og året etter tok han doktorgraden på ho.

I dei seinare åra av livet sitt uttala han: «Jeg regner meg for å være et religiøst menneske, men jeg er en motstander av all dogmatisk religion. Kjernen i all religion er en spesiell oppleving både av seg selv som en enhet og av enheten mellom seg selv og universet.» (Raknes, 1959)

Frå religionspsykologi til psykoanalyse[endre | endre wikiteksten]

Gjennom arbeidet med religionspsykologien var Raknes komme til at han trong ein metode for å granske det undermedvitne dersom han skulle komme lenger i å forstå menneskeleg åtferd. Den gong, på slutten av 1920-talet var det ingen annan slik metode enn psykoanalysen. I 1928 avslutta Ola Raknes derfor sitt skulearbeid og reiste til Berlin og byrja studere ved Berliner psychoanalytisches Institut med eit stipend frå Nansenfondet i lomma. Etter dette var filologien ein saga blott med unnatak av at han fullførde si fransk-norsk ordbok som hadde vore med til å gjere det mogleg for han å reise til Berlin. Medan han gjekk i læreanalyse der hos Karen Horney (som seinare vart kjend som «neofreudianar») vart han overtydd om at psykoanalytisk terapi var eit yrkje som passa godt til evnene og interessene hans. Etter eit foredrag for Berlin-gruppa om «Gesichtspunkte zur psychoanalytischen Religions-psychologie» i 1929, vart han innvald som medlem i Internationale Psychoanalytische Vereinigung. I foredraget markerte Ola Raknes klår avstand til Freud sine religionsteoriar. Raknes opplevde framgang i sitt nye arbeidsfelt, og til tross for motstand frå store delar av legestanden, var han i ferd med å opparbeide seg eit namn.

Energi- og kroppsbaserte terapiformer[endre | endre wikiteksten]

Frå klassisk psykoanalyse til Reich sin karakteranalyse[endre | endre wikiteksten]

Ola Raknes var heile tida på leit etter forbetringar i behandlingsteknikken, og i tillegg var han ikkje nøgd med dei tradisjonelle psykoanalytiske forklaringsmodellane for mennesket sine grunndrifter: instinkta og aggresjonen, og han var skeptisk til den psykologiske dualismen i Freud sine teoriar om desse motstridande grunndriftene som først gjekk mellom sjølopphaldingsturfta og seksualiteten, og seinare mellom livsinstinktet (Eros) og dødsinstinktet (Thanatos). Det var medan han var i Berlin Ola Raknes for første gong høyrde namnet Wilhelm Reich, medan det enno skulle ta nokre år før han las noko av han. Enno var han travelt oppteken med å studere Freud og andre «ortodokse» psykoanalytikerar. Det var da Reich si bok Charakteranalyse kom i 1932 at Ola Raknes for alvor byrja orientere seg i retning av Reich. Etter den fordjupa Ola Raknes seg i Die Funktion des Orgasmus, så Reich sine artiklar i ymse psykoanalytiske tidsskrift og til slutt i hans eige Zeitschrift für politische Psychologie und Sexualökonomie. Ola Raknes fann alt dette svært interessant og perspektivrikt, men det førde ikkje til at han endra verken sitt grunnsyn eller sin psykoterapeutiske teknikk.

Møte med Wilhelm Reich[endre | endre wikiteksten]

Ola Raknes møtte Wilhelm Reich første gong på det skandinaviske psykoanalytikar-møtet i Oslo påsken 1934. Raknes vart sterkt gripen av Reich sin sterke personlegdom, og den tydelege framlegginga hans under foredraga og i ordskifta om det sentrale i dei tema han drøfta hjelpte Raknes til ein klårare forståing av mange ting. Wilhelm Reich sitt utgangspunkt var Freud sine psykoanalytiske teoriar, men allereie i 1925 hadde Reich med utgangspunkt i friviljug arbeid på en rådgjevingsklinikk i Wien for menneske med seksuelle problem, byrja utvikle sin seksualøkonomiske teori, eit arbeid som skulle vare fram til 1938. Aller helst ville Ola Raknes byrje i læreterapi hos Reich med det same, men han hadde ikkje moglegheit til å reise til Sverige der Reich på denne tida arbeidde. Likevel møttest dei igjen i august same året på den 13. psykoanalytiske kongressen i Luzern. Der protesterte Ola Raknes saman med dei to andre norske deltakarane, psykologiprofessor Harald Schjelderup og barnepsykiateren Nic. Hoel (seinare Nic. Waal), høglydt mot Reich si utestenging frå I.P.V. Dei norske vart seinare på kongressen godkjende som ei eiga gruppe, noko som innebar at dei hadde høve til å ta Reich opp som medlem hos seg. Likevel tok ikkje Wilhelm Reich imot tilbodet om medlemskap da han seinare i 1934 flytta til Noreg. Da hadde Ola Raknes i mellomtida byrja i læreterapi hos Otto Fenichel som han rekna for å vere ein av Reich sine venar og medarbeidarar. Han hadde frå starten sagt til Fenichel at dersom Reich hadde vore i Noreg hadde han gått til han.

Karakteranalyse og læreterapi hos Reich[endre | endre wikiteksten]

Kort etter at Reich kom til Noreg starta han opp eit seminar i karakteranalyse. Det fekk Raknes høve til å vere med på til tross for at han sjølv ikkje hadde gjennomgådd nokon slik analyse. Seminaret fekk han til stadig sterkare å oppleve sine eigne strukturelle vanskar. Han freista nytte teknikkane han lærde på eit par av sine pasientar, med rimeleg godt resultat. Hausten 1936 spurde han om Wilhelm Reich ville ta han i læreterapi, både på grunn av personlege problem og fordi han meinte at Reich sin terapeutiske teknikk var langt meir effektiv enn den klassiske freudske som han fram til da hadde nytta. Reich var i tvil og meinte han var vel gammal og for vel pansra, men gav til slutt samtykket sitt. Ola Raknes var truleg ein av dei første pasientane Reich konsekvent nytta den nye teknikken, som han kalla karakteranalytisk vegetoterapi, på. Omstruktureringa av karakteren hans, det vil seie læreterapien, var, ikkje uventa på grunn av den høge alderen hans, omstendeleg og vara nærare tre år, med tre timer i veka. Reaksjonen uteblei ikkje. Til tider kjendest alt så tomt og håplaust at han tvilte på om han nokon gong ville verte i stand til å gjere det arbeidet han stendig følte han var skipa for, på ein måte han sjølv var nøgd med – og viss han ikkje klarde det var det heller ingen vits å leve lenger. Men etter lang tid byrja han endeleg å merkje at energiane byrja verke; han byrja legge merke til kva som skjedde i organismen sin og kva det ville seie å fungere fritt. Det slo han kor grunnleggjande forskjellig karakteranalytisk vegetoterapi var frå ein tradisjonell psykoanalyse. Sjølv om han hadde lese Reich si bok om karakteranalyse og òg nytta teknikken på sine eigne pasientar, var det trass i det noko heilt nytt å kjenne den på kroppen. I forhold til klassisk psykoanalyse var teknikken nå utvida til å fortolke karakteruttrykk og kroppshaldningar samt arbeide med somatiske blokkeringar gjennom direkte manipulering. (Raknes, 1959)

Karakteranalytisk vegetoterapi[endre | endre wikiteksten]

Raknes la i sin terapeutiske praksis vekt på å hjelpe folk til å arbeide seg fram til det levande i seg og arbeide fram den ibuande utviklingstendens, den «frie vokster». Måten dette skulle gjerast var ved å fjerne de hindringar og blokkeringar som var i vegen, ved at personen lærde å vedstå seg sjølv, sine tankar, kjensler og sine impulsar. I dette var det mest vesentlege å integrere opplevinga av kroppen – å kjenne kva ein hadde lyst til, og å gjeve etter for lysten dersom det ikke var noko vesentleg som talde imot. Raknes viste i artikkelen «Liv og religion»[4] til Wilhelm Reich sin definisjon av livet som ein samanhengande prosess av rytmisk skifte mellom mekanisk spenning, bioenergetisk opplading, bioenergetisk utlading og mekanisk avspenning. Han skreiv der, «De fleste mennesker vil behøve en viss øvelse i å legge merke til sine egne kroppstilstander før de kan oppleve denne livsrytmen. Men da vil de også tydelig kunne oppleve den, særlig i to former: i den rytmiske strøm som går gjennom hele kroppen når den fritt kan følgje med i andinga, og særlig intenst i den situasjon som populært heter ‘å leve sammen’, det vil si i den seksuelle orgasme».

Orgonenergien[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Raknes innrømde at Reich sin orgonteori – ei utviding av Freud sitt libidoomgrep til å gjelde ein allmenn livsenergi, som Reich kalla orgon – ikkje var fullt prova ut ifrå naturvitkapane sine krav til bevisførsel[], meinte han ut ifrå sine eigne observasjonar og røynsler at den måtte ha noko for seg. I boka Wilhelm Reich and orgonomy (omsett til fleire språk, mellom anna dansk, men ikkje norsk) som han skreiv nokre år før han døydde, går han på ein pedagogisk og lettfatteleg måte gjennom teorien og hans implikasjonar for ulike vitskapelege disiplinar og for forholda i samfunnet. Korleis Reich tilsynelatande klarde å nytte denne energien til å produsere regn, med ein såkalla cloudbuster, ein teknisk innretning som skal fokusere og projisere orgonenergi, var Raknes sjølv vitne til under eit besøk på Reich sin eigendom «Orgonon» i Maine i USA i 1953:

Det hadde vært tørke i flere uker og værvarslingen hadde meldt fortsatt tørke over hele Øst-Amerika. Så rettet Reich apparatet sitt mot et visst punkt på himmelen og lot det stå halvannen time. Er det riktig innrettet, sa han, vil vi få regn i løpet av 8–9 timer. Og ganske riktig. Etter 9 timer fikk vi et 8-timers øsende regn på noen kvadratmil land omkring apparatet! En slik opplevelse gjør et visst inntrykk. (Gabrielsen, 1962)

Raknes reiste seks gongar etter krigen til USA for å vitje Reich og for å oppdatere seg fagleg i forhold til utviklinga av Reich sine teoriar og metodar. De observasjonane og eksperimenta han hadde observert i Reich sitt laboratorium der og som utgjorde grunnlaget for oppdaginga av bionane og orgonenergien i kroppen, gjorde han sjølv etter så mykje han kunne etter at han kom tilbake til Noreg.

Raknes meinte at det Reich hadde oppdaga var det same som andre før hadde beskrive, men da med andre namn som dyrisk magnetisme, chi og prana. Fenomen som tankeoverføring og klårsyn hadde Raknes også tru på og meinte det berre kunne vere trongsyn og dogmatisme som fekk vitskapsmenn til å nekte for at slikt fanst (Gabrielsen, 1962). Han meinte vidare utforsking av orgonenergien moglegvis kunne kaste ljos over desse fenomena.

òg si livslange nyfike og interesse for opphavet til religionane, den religiøse opplevinga og korleis den formar menneske, var faktorar som trekte Raknes i retning orgonteorien, og han meinte den kunne bidra til å belyse desse på eit naturvitskapeleg grunnlag. òg den terapeutiske behandlinga følte han vart utvida på denne måten, frå å vere ein rein psykoterapi til å kunne kallast ein bioterapi.

Aktiv terapeut til det siste[endre | endre wikiteksten]

Behandlingsrommet hadde Ola Raknes i ei peisestue i kjellaren i heimen sin i Nilserudkleiva 22 på Nordberg i Oslo, og der hadde han òg eit eige «orgonskap» som pasientane hans sat i for å bli tilførd livsenergi, ein så kalla orgonakkumulator. Han var etterspurd mange stader rundt om i verda òg, og så seint som i sitt siste leveår var han, trøytt og merkt av sjukdom (Skard, 1975), i Danmark, Tyskland, Frankrike, Italia, England og Amerika og gjesta vener, heldt foredrag og behandla pasientar med orgonterapi. Til saman behandla Ola Raknes 800, og på sin siste arbeidsdag hadde han fem pasientar.

Arbeidet til Raknes som psykoterapeut er førd vidare av fleire psykologar i Noreg og fekk forgreiningar utanlands, mellom anna gjennom Gerda Boyesen og David Boadella, elevar av Raknes, som seinare etablerte institusjonar for utdanning av terapeutar i høvesvis London og Sveits.

I 1972 tok han, 85 år gammal, initiativ til skipinga av Forum for karakteranalytisk vegetoterapi (òg namn på eit fagtidsskrift som vart skipa i 1992) for å hjelpe på den etter kvart slunkne rekrutteringa av vegetoterapeutar.

Samfunnsdebattant med tyngd[endre | endre wikiteksten]

Støtta til Reich da han vart ekskludert frå den internasjonale psykoanalytiske foreininga i 1934 er allereie nemnt. Under Reich sitt opphald i Noreg 1934–1939 oppstod det òg heftige debattar om hans teori og praksis, og Ola Raknes var ein av dei sterkaste forsvararane hans. Under den såkalla Reichstriden hausten 1937 og utover i 1938 var det især frå tradisjonell psykiatri den knallharde kritikken vart retta mot Reich sin teori og metodar. Angrepa var dels sterkt kjensleladde, med regelrett skitkasting og injuriar, og Ola Raknes var mellom dei av Reich sine støttespelarar som tok til orde mot kritikken som sterkast vart framsett av overlege Johan Scharffenberg som insinuerte at Reich utgav seg for å vere lege, at han dreiv ulovleg medisinsk behandling og at han ønskte å gjere elektriske målingar på sinnsjuke pasientar som hadde samlege (Stai, 1954), og seinare av medisinprofessor Gabriel Langfeldt (Raknes, 1939). Både i samband med striden kring Reich i det norske offentlege rom og under seinare motstand Ola Raknes møtte i sin gjerning som eksponent for ei kontroversiell grein innan psykoterapien, skriv Sigmund Skard at det Ola Raknes «kom til å stå for, bygde han på ein einaste grunn, si eiga røynsle og sitt vitskaplege samvit. Han var ingen ettersnakkar etter læremeistrar. Han var heller ingen løpegut; han kom sjølv etter kvart som terapeut til å tala med fagleg tyngd. Og det einaste som dreiv han, var det som han meinte var sanning. Her kjende han ingen omsyn, og såg ikkje til leds etterandres dom.» (Skard, 1975)

Redaktør for fagtidsskrift[endre | endre wikiteksten]

Raknes organiserte studiesirklar og var òg med i Reich sine tidsskriftprosjekt Zeitschrift für Politische Psychologie und Sexualökonomie (utgjeve 1934 – 1938) og Tidsskrift for seksualøkonomi (utkomme med eitt nummer i 1939) der han stod som redaktør saman med Odd Havrevold .

Veksande vørdnad[endre | endre wikiteksten]

Etter at Reich reiste til USA i 1939 var det få som lenger ville forsvare læra hans i det norske psykoanalytiske miljøet. Sjølv dei amerikanske Reich-tilhengjarane opplevde Raknes som «skuffende ortodokse» (Dannevig, 1975). I Noreg såg Ola Raknes og Nic. Waal (delvis saman med Elise Ottesen-Jensen) ut til å vere dei einaste til å fylgje opp Reich sitt virke, og etter at Waal døydde i 1960, hende det at Raknes overberande vart omtala som Reich sin «siste disippel». Ola Raknes var den einaste i Noreg som fylgde Reich i overgangen til orgonomien som først utvikla seg til ein eigen forskingsgrein etter at han flytta til USA. Alt i 1946 drog Raknes på eit fleire månader langt studieopphald i Reich sitt laboratorium i Forrest Hills, New York etter først å ha vore fleire veker ved Orgonon, Reich sitt laboratorium og forskingssenter i Rangeley, Maine. Men Ola Raknes måtte betale ei høg pris for sin konsekvente støtte til Reich. Han vart utfrosen og latterleggjort av tidlegare vener og kolleger. Det vart og starta ei kampanje for å ta frå han lisensen til å verke som psykoterapeut (Fossum, 1975), men den lukkast ikkje. Men likevel var det fleire psykiatarar som hadde tillit til han, og hans saklege stil og generelt gode omdøme som terapeut gjorde at han heilt til det siste hadde stort påtrykk, især frå utlandet, av menneske som ønskte å late seg behandle av han. Folk kom til og med og vart buande i Oslo for å la seg analysere av han (Fossum, 1975). Særleg dei siste 10 – 15 åra av sitt liv opplevde Ola Raknes full fagleg vørdnad og dyrking (Skard, 1975; Kile, 1989). Mellom anna skodespelaren Sean Connery kom eins ærend til Oslo i 1967 for å late seg behandle av Ola Raknes (Haga, 2002), noko som for første og siste gong fekk populærpressa, som laga oppbod utanfor heimekontoret hans på Nordberg, til å syne si interesse for Raknes sitt arbeid (Kile, 1989).

Ola Raknes sin innverknad på Reich[endre | endre wikiteksten]

Samarbeidet og venskapen mellom Ola Raknes og Wilhelm Reich skulle vare heilt til Reich sin død i eit amerikansk fengsel i 1957. Dei fleste har meint at påverknaden mellom dei to først og fremst har gådd frå Wilhelm Reich til Raknes. Dette biletet gjev kan hende ei noko skjeiv framstilling. I innleiinga til boka Det levande i muskelpanseret som kom ut same året Ola Raknes døydde, skriv ein annan Reich-terapeut, Einar Dannevig, «Med sin beskjedenhet og grenseløse lojalitet overfor sin venn bidrog Raknes til å gi et skjevt bilde av seg selv. Han blir lett oppfattet som en lojal og takknemlig elev av den store mester selv der han gav uttrykk for hardt tilkjempede og vel etterprøvde egne erkjennelser. Først etter han var blitt 80 år skrev han i forordet til sin bok Wilhelm Reich and Orgonomy: ‘Some developments of Reich's ideas are due to myself and I am unable to tell, in some cases, which ideas were first mentioned by me, and which ones by Reich’. At dette blir nevnt så sent i et lite forord til den sannsynligvis beste og mest sammenfattede fremstilling av Reichs livsverk som er skrevet, har fått mange til å overse det faktum at Raknes i større grad enn noen annen har vært medskapende i utviklingen av de ideer som i dag danner grunnlaget for den videreutvikling på ulike fagområder man ser som etterveksten etter Wilhelm Reich. Med sin sterke integritet og selvstendighet, paret med de erkjennelser Raknes før møtet med Reich var kommet fram til gjennom sine religionspsykologiske, filosofiske og psykoanalytiske studier, blir Raknes en sann venn og medarbeider for Wilhelm Reich. Han var med sine manglende prestisjebehov i stand til å tilfredsstille Reichs uvanlig sterke krav til lojalitet utad, samtidig som han taktfullt kunne være korrektiv når Reich i sine senere år kunne bli offer for sin oftest skapende, men til tider for livlige og ensomme fantasi. Med sin grundigere filosofiske og vitenskapsteoretiske bakgrunn og sin utpregede evne til systematisering har Raknes betydd svært mye for utviklingen av de psykoterapeutiske, biologiske og naturfilosofiske teorier en vanligvis tilskriver Wilhelm Reich alene». (Dannevig, 1975)

Samfunnsengasjement på venstresida[endre | endre wikiteksten]

Ola Raknes var i samfunnsengasjementet sitt oppteken av dei kreftane som hindra for fri livsovring og hemma livsutfalding både når det gjaldt kjærleik og arbeid. Han var sterkt påverka i dette av Reich sin seksualøkonomiske sosiologi og massepsykologi. Han var medlem av Norsk Demokratisk Gruppe og slutta seg til krinsen rundt Orientering i 1953. Han var med i Sosialistisk Folkeparti frå starten og sidan i Sosialistisk Venstreparti. Han meinte at individas kroppsleg-sjelelege bevisstgjering som han gjennom sitt virke som terapeut kunne bidra til, måtte gå hand i hand med samfunnsmessige endringar – i arbeidsliv, familieliv og i nabolag. Han meinte at den måten samfunnet var organisert på skapte usjølvstendige individ. Dei familieformar og normer for barneoppseding som var gjeldande skapte hos det vesle barnet overveldande kjensler av angst, hjelpeløyse og litenhet[] når barnet sine vitale lyster og behov – seksuelle, kontaktmessige og andre – vart slegne ned, avvist eller oversedd. Dette meinte han igjen førde til at det vaksne individ for å overleve måtte tilpasse seg gjennom ein av to livsstrategiar – anten eit konstant tvangsmessig strev etter makt og konkurransementalitet, eller like tvangsmessige freistingar på å innynde seg dei som utøvde makta, ved sjølvutslettande underkasting og pliktmessigheit. Ola Raknes sette dermed fokus på samanhangen mellom rådande karaktertrekk i det norske samfunnet, som stormannskjensle og mindreverdkjensle, konkurranseånd og sjølvutslettande pliktoppfylling, og karakteristiske strukturelle trekk ved samfunnet som maktkonsentrasjonar og byråkratisk kontroll, der dei først nemnde gav grobotn for dei sist nemnde. (Grønseth, 2004)

Ei sjeldan evne til formidling[endre | endre wikiteksten]

Av det han skreiv, var det artikkelen «Eit orgonomisk syn på helse og nokre terapeutiske, pedagogiske og sosiale fylgjer av det» frå 1953 som Raknes sjølv sette høgast. Artikkelen freistar å gje eit heilskapleg psykologisk og biologisk perspektiv på omgrepet helse og har hausta ros frå mange hald og vorte omsett til fleire språk (mellom anna er han å finna på engelsk i Wilhelm Reich and orgonomy). Men mange andre har meint at beste artikkelen hans er «Liv og religion», som opphavleg var eit føredrag han heldt på det 4. Nordiske Psykologmøte i 1956. Der tok han føre seg det levande, sjølve livskjensla. Føredraget er omtala som «en vis manns integrerte forståelse av det han har møtt i livet, men også en gjennomgående, ikke-konfesjonell tro.» (Dannevig, 1975) Han heldt tala på eit «uklanderlig, stilrent og litt konservativt riksmål, av hensyn til danskene.» (Dannevig, 1975)

Med fokus på barnet og på det levande[endre | endre wikiteksten]

Fri barneoppseding[endre | endre wikiteksten]

Ola Raknes var ein sterk tilhengjar av å gjeve born fridom til å gjere sine eigne røynsler i staden for å verte fortalde av vaksne korleis ting skal oppfattast: «Barn velger alltid sine egne idealer. Så snart vi stiller opp idealer for dem, vil de begynne å fuske med seg selv. De skal velge selv.» (Gabrielsen, 1962) I eit av essaya i boka Fri Vokster utdjupar Raknes kor avgjerande det er for utviklingsdynamikken til barn at dei sjølve får høve til å lære å regulere slike ting som det å gå på do, kva og når det skal ete, og når og kor mykje det vil sove, gjennom å erfare og ved å øve seg i å meistre, utan dei vaksne som pådrivarar.

Sjølv slike moralreglar som ikkje å skade andre eller å la vere å stele meinte han at born måtte finne ut av på eiga hand, ikkje ved formaningar eller forbod frå foreldra: «Jeg tror at når et barn lyver, så er det fordi det er blitt straffet for å si sannheten. Og når det stjeler, så er det fordi det kjenner seg forsømt på en eller annen måte. [...barn] stjeler den kjærligheten de ikke får.» I samband med krig meinte Raknes til dømes at foreldra gjerne kunne forklare kvifor folk krigar mot einannan, og kva det fører til, men dei skulle la barnet sjølv gjere seg opp ei meining om det. (Gabrielsen, 1962)

Barnet i oss alle[endre | endre wikiteksten]

Det var barnet Ola Raknes fokuserte mest på i opplysningsarbeidet han gjorde som verdiformidlar og behandlar. Det er barnet som står i fokus i artikkelen «Liv og religion», i boka Fri Vokster og i terapien hans. Det gjeld òg barnet i den vaksne, som han sjølv tok vare på: ivrig, søkjande og kry, men ikkje sentimental eller barnsleg. Samstundes var han ein uvanleg jordnær mann. Han såg sakene på eit likefram vis og sette lettfattelege namn på fenomena. Han kunne verke naiv, men i røynda hadde han overblikket. (Grønseth, 1975) Like eins avskydde han maktbruk og undertrykking, sjølv om han ikkje skreiv noko særleg om det (Dannevig, 1975). Då han arbeidde med Møtet med det heilage da boka skulle gjevast ut på ny, innsåg han at han måtte ha oversett (fortrengt?) å vurdere heile fenomenet vondskap (Fossum, 1975).

Til venen og eleven Rolf Grønseth sa Ola Raknes ein gong: «eg må ha lov til å døy ein gong eg med», og i den siste tida sa han fleire gonger at han meinte livsarbeidet hans no var ferdig, og at han var budd på å døy (Fossum, 1975). Han døydde etter eit kort sjukelægje i slutten av januar 1975, kort etter den 88. fødselsdagen sin.

Einar Dannevig oppsummerer korleis han opplevde Ola Raknes som åndsmenneske: «Tankens og følelsens klarhet, formidlet gjennom mange språk, evnen til forenkling med sans for det store og vesentlige i helheten sammen med en ekte bekjedenhet og totalt manglende maktstreben gjorde det til en egenartet og stor oppleving å møte Ola Raknes, helst personlig, men også i skrift.»

Verv og tilslutningar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fransk-norsk ordliste (1914)
  • Chapters in Norwegian Literature (saman med I.C. Grøndahl – 1923)
  • Engelsk-norsk ordbok (1927)
  • Møtet med det heilage (1927)
  • Fransk-norsk ordbok (1939 - 42) (nytt opplag 1976)
  • Fri Vokster (psykologiske essays – 1949)
  • «Eit orgonomisk syn på helse og nokre terapeutiske, pedagogiske og sosiale fylgjer av det» – artikkel i særtrykket Psykisk sunnhet som psykologisk problem av tidsskriftet Nordisk Psykologi 1953
  • Wilhelm Reich and orgonomy (1970 – omsett til ei rekkje språk, mellom anna dansk)

Raknes skreiv òg artiklar i mellom anna International Journal of Sex Economy and Orgone Research (under psevdonymet Carl Arnold), Orgone Energy Bulletin, Orgonomic Medicine og Syn og Segn.

Omsetjingar til nynorsk:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Almenningen, Olaf og andre: Studentar i målstrid: Studentmållaget i Oslo 1900-2000 Oslo, Studentmållaget i Oslo, Det norske Samlaget (2003) ISBN 82-521-5698-3
  • Arntzen, Jon Gunnar (redaktør): «Ola Raknes» I: Norsk biografisk leksikon 2. utgåve bind 7. Oslo, Kunnskapsforlaget (2003) ISBN 82-573-1009-3
  • Faleide, Asbjørn; Grønseth, Rolf; Urdal, Bjørn (redaksjon): Dannevig, Einar Tellef: «Innleiing» I: Det levande i muskepanseret. Om kropp og sjel, muskelspenningar og psykoterapi, seksualitet og tilhøve mellom barn og vaksne Oslo – Bergen – Tromsø, Universitetsforlaget ISBN 82-00-02347-8
  • Fossum, Karl og Herskowitz, Morton (1975) «In Memoriam. Ola Raknes, Ph.D. 1887–1975» The journal of Orgonomy. bind 9, nummer 1, side 110–113
  • Fyllingsnes, Ottar (1998) «Møttest i Mållaget» – Dag og Tid – Aslaug Vaa [Vedlegg til Dag og Tid nr. 22, 28. mai 1998]
  • Gabrielsen, Bjørn (13. januar 1962) «Trollmannens lærling» – Arbeiderbladet
  • Gatland, Jan Olav (2010) Ord og orgasme. Ein biografi om Ola Raknes. Samlaget. ISBN 978-82-521-7561-5.
  • Grønseth, Erik (2004) Raknes, OlaNorgesLexi [nettversjon]
  • Grønseth, Rolf (1975) «Ola Raknes til minne» – Tidsskrift for Norsk Psykologforening, bind 12, nummer 3
  • Haga, Sverre Gunnar (10. oktober 2002) «Lager film om ‘orgasmekongen’» – Dagbladet. Vitja 22. november 2006
  • Kile, Svein M. (1989) «Ola Raknes, hjelpar og ven» – Fra Fjon til Fusa. Årbok for Hordamuseet og for Nord- og Midhordaland Sogelag. Bind 42, side 58–60
  • Raknes, Ola (1959) «Ola Raknes» – Norsk pedagogisk tidsskrift. Bind 43, side 272–279 [sjølvbiografisk artikkel for det meste basert på eit brev Raknes skreiv til Wilhelm Reich i 1950 og som vart trykt i Orgone Energy Bulletin volum 4 (4), 1952. Artikkelen er òg prenta i Åse Gruda Skard (redaktør) Psykologi og psykologar i Norge (Universitetsforlaget, Oslo, 1959)
  • Raknes, Ola (2003) «Reichs orgonterapi»Tidsskrift for Den norske Lægeforening. Bind 123, nummer 1634 [Fra debattspalta i 69. årgang (1939)]
  • Skard, Sigmund (1975) «Ola Raknes» – Syn og Segn. Bind 81, nummer 5, side 268–274 [moglegvis identisk med Skard sitt minneord ved Raknes si bisetjing 4. februar 1975 i Vestre Gravlunds kapell]
  • Stai, Arne «Oppgjøret omkring psykoanalysen og Wilhelm Reich» I: Norsk kultur- og moraldebatt i 1930-årene. 2. utgåve. Oslo, Gyldendal (1954) ISBN 82-05-11107-3 [1978-utgåva i Fakkel-serien]
  • Steenstrup, Bjørn (redaktør): «Raknes, Ola» I: Hvem er Hvem? 11. utgåve, side 450. Oslo, Aschehoug (1973) ISBN 82-03-04887-0

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Flem, Ivar: Mennesket naturbestemt eller determinismen Høvik, Bibliothek for de tusen hjem (1891)
  2. i alle høve var den ikkje komen attende da han skreiv den sjølvbiografiske artikkelen i 1950
  3. Kva for oppleving det vert referert til frå barndomen er uklårt.
  4. Raknes, Ola (1956) «Liv og religion», foredrag ved det 4. Nordiske Psykologmøte. København [prenta i Nordisk Psykologi si beretning[] frå psykologmøtet og som etterord i 2. utgåve av Møtet med det heilage]