Hopp til innhald

Ola Steffansson Selvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ola Steffansson Selvåg (176714. mai 1841) var ein plassemann under garden Selvåg i dåverande Herøy prestegjeld.

Ola var frå Oppsal (1) i Syvde. Han var gift 1789 med enkja Anne Jetmundsdotter (1742-1830), opphavleg frå Snipsøyr i Hareid, tidlegare gardkone på nærliggjande Eiksund. Ola fekk i 1798 husmannssetel av den rike proprietæren Christoffer Rønneberg på ein husmannsplass i Selvåg. Plassen skulle rydjast i utmarka og vere avgiftsfri fyrste 4 åra. Hausten 1801 fekk Ola av «Det Nyttige Selskab» 5 riksdalar for å ha rydda plassen i «Sælvogs Udmark og indhegnet den med Gierde af Eene», bygt stovehus og stabbur, murt ein kufjøs med løe over, brote åker av lynggrodd mark, 125 alner lang, «80 bred med lukte Veiter», 2 alner djupe og «skaaret omkring Ageren aabne Veiter».

Ola gifte seg i 1830 med Anne Hanssdotter frå Rovde (1780-1863), ho omkom på sjøen. Ingen born i ekteskapa.