Ola Steinholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola Steinholt
Fødd 4. oktober 1934
Trondenes
Død

20. april 2009
Tromsø

Yrke prest
Verv Biskop i Nord-Hålogaland
Periode 1990-2001
Føregangar Arvid Nergård
Etterfylgjar Per Oskar Kjølaas

Ola Markus Steinholt (fødd 4. oktober 1934 i Trondenes, død 21. april 2009 i Tromsø[1]) var ein norsk teolog. Steinholt har teologisk utdanning frå det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, der han fekk graden cand.theol. i 1959. I 1961 vart han ordinert som prest i Trondenes kyrkje. Deretter hadde han feltprestteneste i Nord-Noreg og i Gaza i perioden 1961–1970, og sidan garnisonsprest for Nord-Noreg.

Han vart sokneprest i Vefsn i 1971, og frå 1984 til 1990 var han domprost i Tromsø, før han i perioden 1990–2001 var biskop i Nord-Hålogaland bispedømme. Då han gjekk av som biskop vart han samtidig pensjonist.

I Den norske kyrkja vart Steinholt på mange måtar sett på som kontroversiell. Mellom anna var han ein av dei fyrste som tok til orde for at for at kyrkja skulle godta homofilt samliv, også blant dei tilsette. Steinholt vart difor sett på som ein uredd og folkeleg biskop.[1]

Steinholt har også skrive essaysamlinga Sett nordfra (Alta: Nordnorsk forlag, 1982. ISBN 82-92183-05-1). Han vart tildelt St. Olavs Orden i 2003.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «- Et sorgens budskap» av Geir-Arne Blix Johansen på Nordlys.no (21.04.2009).