Olaf Øen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaf Øen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1925
Nesbyen
Død

29. januar 2009 (83 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Israels venner

Olaf Øen (5. juli 192529. januar 2009) var ein norsk maskinentrepenør, forsikringsmann og politikar frå Nes i Buskerud. Han møtte på Stortinget frå Buskerud i tida frå 1976 til 1989, vald for Arbeidarpartiet. Øen var elles ordførar i Nes i til saman ti år.

Far hans var skogsarbeidar, eit yrke Øen sjølv praktiserte åra 1942-44. Frå 1944 til -46 var han linjearbeidar i Norges Statsbaner (NSB), til dess han gjennomførte militærtenesta i Tysklandsbrigaden. Deretter arbeidde han som maskinførar i 1948-49, då han starta opp som maskinentreprenør, eit arbeid han dreiv i ti år. I 1959 fekk han jobb som inspektør ved Hallingdal Brannkasse, eit yrke han hadde til 1976.

Øen var kommunestyremedlem i Nes frå 1956 til 1979, der i mellom ordførar i periodane 1964-71 og 1976-77. På ny medlem i Nes kommunestyre 1995-99.

Ragnar Christiansen vart utnemnd statsråd i den nyskipa Nordli-regjeringa i januar 1976, rykte Øen inn på Stortinget og sat resten av tingperioden 1973-77 i Landbrukskomiteen. Frå hausten 1977 til 1989 var Øen fast representant frå Buskerud. Han var så medlem 1977-85 i Forsvarskomiteen og 1985-89 i Samferdslekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]