Olaf Holtedahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Holtedahl
OlafHoltedahl.jpg
Fødd24. juni 1885
Christiania
Død26. august 1975
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, geolog, paleontolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnHans Gurstad Holtedahl
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien

Olaf Holtedahl (fødd 24. juni 1885 i Oslo, død 26. august 1975) var ein norsk geolog som var professor i geologi ved Universitetet i Oslo frå 1920 til 1955. Han leia institutt for historisk geologi. Sonen hans Hans Gurstad Holtedahl var òg ein kjend geolog.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Holtedahl tok doktorgraden i 1913 og vart dosent ved Universitetet i Oslo i 1914. Frå 1920 til 1956 var han professor ved universitetet. Dei første geologiske arbeida hans var over kambrosiluren i Oslofeltet. I 1909 til 1911 var han på ekspedisjonar til Svalbard og frå 1914 til 1917 utforska han geologitilhøva i Finnmark, før han i 1918 arbeidde på Bjørnøya. I 1920 utførte han ei klassisk undersøking over isavsmeltinga på Romerike. I 1921 leia han ein norsk ekspedisjon til Novaja Zemlja og var frå 1927 til 1928 med på dei antarktiske ekspedisjonane til Lars Christensen. Frå desse ekspedisjonane redigerte han dei vitskaplege resultata.

I 1931 vart det oppdaga fossil frå permtida i Oslofeltet, og han reiste attende til studiet av strukturar og vulkanske bergartar her. Han gav ut eit detaljert kartverk over den norske kontinentalsokkelen i 1940 og han gjorde òg seinare bidrag til den marine geologien, mellom anna om Vest-Grønland i 1970.

Han publiserte mange vitskaplege verk, mellom anna Norges Geologi (1953, omsett til russisk) og Geology of Norway (1960). Han gav òg ut populærvitskaplege arbeid, som Vår forunderlige klode (1942), Hvordan landet vårt ble til (3. utg. 1968), Fra naturens store verksted (4. utg. 1967).

Det er få geologar som har medverka meir enn han til å utvide kunnskapen vår om geologien i Noreg og polarområda. Han var i hovudsak feltgeolog og var kjend for å vere allsidig og ha ein enorm arbeidsevne.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hvordan landet vårt ble til; en oversikt over Norges geologi. Ny omarbeidd utg. Oslo. Cappelen. 199 s. 1951.
  • Norges geologi. To bind. 1953.
  • Geology of Norway (red.) 1960.

Priser og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bukta Holtedahl Bay i Antarktis er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]