Olaf Kolsum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Kolsum
Fødd9. juli 1873
Skogn
Død1. mai 1962 (88 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Tromsø 1914-1916
FøregangarArnold Holmboe
EtterfylgjarArnold Holmboe
VervOrdførar i Tromsø 1923-1925
FøregangarThorvald B. Moe
EtterfylgjarJohan Rydningen
VervOrdførar i Tromsø 1933-1934
FøregangarJens Isak Kobro
EtterfylgjarNils Meland

Olaf Martin Kolsum (9. juli 18731. mai 1962)[1] var ein norsk politikar for Venstre. Han var ordførar i Tromsø i periodane 1914-16, 1923-25 og 1933-34, og var stortingsrepresentant innvald for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark frå 1937 til 1945.

Etter at han hadde drive som bod i Trondheim og Bodø, kom han i 1898 til Tromsø, og starta kolonialforretning der året etter. Forretningen hans kom etter kvart til å omfatta blant anna AS Tromsø Skibsverft & Mekaniske Verkstad, Nordnorsk Importkompani AS, AS Provianteringen og Stokmarknes Mekaniske Verkstad. I tillegg til åra som ordførar var han medlem av Tromsø bystyre 1911-37 og varaordfører i fleire periodar. På Stortinget var han medlem i Kommunalkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gravsøk hos DIS-Norge (14. oktober 2012)