Olaf Norlis Forlag
Utsjånad
| Olaf Norlis Forlag | |||
| Skipa | 1890 | ||
|---|---|---|---|
| Nedlagd | 1982 | ||
| Land | Noreg | ||
Olaf Norlis Forlag var eit norsk forlag med tilhald i Oslo.[1] Det vart stifta i 1890 av Olaf Norli (1861–1959), som hadde starta Norli bokhandel i 1883.[2]
Før 1940 var Norli rekna som det fremste nynorskforlaget. Norli utgav forfattarar som Olav Duun, Tore Ørjasæter, Vetle Vislie, Halvor Floden, Rasmus Løland og Tarjei Vesaas.[3]
Johan Grundt Tanum, som eigde Tanum bokhandel og Johan Grundt Tanum Forlag frå før, kjøpte forlaget i 1959 og gjorde det om til eit aksjeselskap.[4][5] I 1976 vart forlaga slått saman til Forlaget Tanum-Norli AS. Frå 1982 vart dette eit dotterselskap under H. Aschehoug & Co., og fekk seinare namna TANO A/S og Tano Aschehoug.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Olaf Norlis Forlag» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Tveterås, Harald L. (1990). Olaf Norlis forlag. Aschehoug. ISBN 8203164358.
- ↑ «Olaf Norli» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Tveterås, Harald L. (1996). Den norske bokhandels historie. B. 4 : Boken lever : norsk bokbransje etter 1900. Oslo. s. 302. ISBN 8202159253.
- ↑ «Tano Aschehoug» i Store norske leksikon, snl.no.