Olaf Rustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaf Rustad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mai 1857
Oslo
Død

26. mai 1924 (67 år)

Yrke politikar, reiar
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Olaf Rustad på Commons

Olaf Fredrik Rustad (13. mai 185726. mai 1924) var ein norsk skipsreiar og Høgre-politikar frå Kristiania.

Rustad var son til ein lærar. Han byrja i 1872 i reiarlaget Winge & Co. i 1872. År 1889 vart han kompanjong i firmaet, i 1900 tok han over heile selskapet. I 1903 selde han selskapet og vart direktør i 'Det Søndenfjelds Norske Dampskibsselskab', ei stilling han hadde fram til 1919. Han hadde elles ei rekke verv og styreoppdrag av både forretningsmessig og offtentleg art.

Frå 1901 til 1907 sat Rustad i Kristiania bystyre, og han var medlem av formannskapet 1901-04. Ved stortingsvalet 1912 vart han innvald på Stortinget for Hammersborg krins, attvald ved dei to neste stortingsvala. Rustad var medlem av næringskomitéen alle tre periodane, i siste perioden også av valkomiteen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]