Olaf Scholz
Olaf Scholz | |
![]() | |
Fødd | 14. juni 1958 (64 år) Osnabrück |
---|---|
Statsborgar av | Tyskland |
Parti | Sozialdemokratische Partei Deutschlands |
Yrke | politikar, advokat, deltager i internasjonale fora |
Institusjonar | Zentralverband der deutschen Konsumgenossenschaften |
Utdanna ved | Universitetet i Hamburg |
Mor | Christel Scholz |
Far | Gerhard Scholz |
Ektefelle | Britta Ernst |
Olaf Scholz (fødd 14. juni 1958) er ein tysk politikar frå Osnabrück. Han har sidan 8. desember 2021 vore forbundskanslar i Tyskland, medlem i SPD.
Scholz var medlem 1998-2001 av den tyske forbundsdagen, og på ny frå 2002. Han var generalsekretær i SPD frå oktober 2002 til mars 2004, forbundsminister for arbeids- og sosialsaker frå november 2007 til oktober 2009 og ordførar i Hamburg frå mars 2011 til mars 2018. Perioden februar-april 2018 var han mellombels partileiar i SPD. Den 14. mars 2018 vart han utnemnd til finansminister i Forbundsrepublikken Tyskland, samstundes også visekanslar for Angela Merkel. Scholz hadde desse posisjonane han til i desember 2021 aksla rolla som tysk forbundskanslar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Olaf Scholz» frå Wikipedia på tysk, den 16. februar 2022.