Olaf Skavlan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Skavlan
Professor Dr. Olaf Skavlan - 1891.jpg
Fødd 25. januar 1838
Stranda
Død

31. mai 1891
Christiania

Yrke skodespelforfattar, litteraturhistorikar, biograf
Olaf Skavlan på Commons

Olaf Skavlan også kjend som Ole Skavlan (fødd 25. januar 1838 i StrandaSunnmøre, død 31. mai 1891 i Kristiania) var ein norsk litteraturhistorikar. Han var son av Aage Schavland og Gerhardine Pauline f. Bergh. Skavlan var bror av Sigvald Skavlan og svoger av politikaren Ludvig Daae. Dottera Aagot Kielland Skavlan var gift med arkitekten Arnstein Arneberg. Sonen Einar Skavlan var redaktør i Dagbladet.

Han tok juridisk eksamen i 1861. Medan han var student skreiv han talrike studentviser og studentkomedier, mellom andre Gildet paa Mærrahaug, ein parodi på Ibsens Gildet paa Solhaug. I 1871 vart han universitetsstipendiat i nyare europeisk litteratur og ei kort tid var han artistisk direktør ved Christiania Teater.

I 1871 kom også hans einaste større verk, Holberg som Komedieforfatter. Kort etter hadde han eit lengre opphald i København. Medan han var i Paris 1876, fekk han vite at regjeringa hadde foreslått for Stortinget å opprette ein eigen post i allmenn litteraturhistorie for han. Stortinget løyvde midlane.

I si tid ved universitetet utgav han berre ei avhandling, om Henrik Wergeland. Omtrent ni år før sin død vart han ramma av ein hjernesjukdom, som førte til at han i fleire år var fullstendig arbeidsudyktig. Seinare tok han opp att arbeidet på universitetet, men utan den tidlegare styrken.

Han var gift med Dagmar Kielland, ei søster av Alexander Kielland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]