Olai Lorange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olai Lorange
OlaiLorange.JPG
Fødd22. juli 1876
Død22. desember 1965
NasjonalitetNoreg
Yrkelege

Olai Lorange (22. juli 187622. desember 1965) var ein norsk lege frå Høland i Akershus og mangårig sjefsinspektør i Arbeidstilsynet.

Etter examen artium 1895 og cand.med. 1903 jobba Lorange under distriktslege Parelius i ytre Romsdal. Der etter arbeidde han 1903-05 på kommunale sjukehus i Kristiania og 1905-07 var han assisterande lege ved tuberkuloseheimen Reknes sanatorium i Molde. Frå våren 1907 hospiterte han ved Charite sin poliklinikk for lungesjuke i Berlin. I 1908 var Lorange tilbake i Romsdal, då som kommunelege i Grytten og Hen herad til 1912. Sidan var han reservelege i tre år ved epidemiavdelinga på Ullevål sjukehus i Kristiania. Som spesialist på epidemiske sjukdommar reiste han våren 1916 på eit offentleg oppdrag til krigsfronten i Frankrike.

Frå 1916 til 1946 var Lorange nasjonal sjefsinspektør for det stadlege fabrikktilsynet (Arbeidstilsynet). I den eigenskap skreiv han ei mengd lærde artiklar om arbeidshygiene og måtar å verne seg mot smitte og sjukdom.

Under andre verdskrigen vart Lorange arrestert for å ha drive med den illegale avisa Vi vil oss et land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]