Olaug Løken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaug Løken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. november 1854
Død

11. mars 1925 (70 år)

Yrke skribent
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Herman Løchen
Mor Anna Margretha Jenssen Løchen
Ektefelle Hjalmar Løken

Olaug Marie Løken (29. november 185411. mars 1925) var ei norsk kvinnesakskvinne og kokebokforfattar frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho var gift med Hjalmar Løken og dotter til Herman Løchen.

Olaug Løken var utdanna i helsestell. Ho var ein aktiv skribent i Norske Intelligenz-Seddeler, avisa ektemaken dreiv. Sidan gav ho ut opplysnings- og agitasjonsskrift, særleg stor utbreiing fekk Madstel og Husstel for almindelige Husholdninger frå 1897, som kom i eit samla opplag på 49 000. Av andre skrift kan nemnast Hvad lærer Bibelen om Kvindens Stilling? (1885) og Barnestel. En liden Bog for unge Mødre (1903).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]