Olaus Fjørtoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaus Fjørtoft

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1847
Haram kommune
Død

21. mai 1878 (31 år)
Christiania

Yrke redaktør, politikar
Olaus Fjørtoft på Commons

Olaus Johannes Amundsen Fjørtoft (fødd 19. januar 1847 på Flemsøya i Haram, død 21. mai 1878 i Kristiania) var ein norsk journalist og opposisjonshugen politisk agitator. Fjørtoft vert rekna som ein av dei fyrste sosialistane i Noreg.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Fjørtoft var latinelev ved Molde Lærd- og Realskole 186166 (i same klasse som Kristofer Kristofersen), og studerte på Heltbergs studentfabrikk i Christiania i 1869. Seinare studerte han matematikk og astronomi. I studietida kom han i kontakt med Aasmund Olavsson Vinje, Johan Ernst Sars, Hagbard Emanuel Berner, Carl Berner og Bjørnstjerne Bjørnson. Fjørtoft gav i åra 187173 ut bladet Fram – eit vikoblad for målmenne og bondevenne.

Målsyn[endre | endre wikiteksten]

Fjørtoft ynskte å gjera skriftspråket mest mogleg talemålsnært skriftspråk. Språksynet gjorde han til den mest markante talsmannen for ortofoni i nynorskrettskrivinga. Fjørtoft var lite oppteken av å markere historiske former i skriftmålet, og han meinte dessutan at bymåla måtte trekkjast inn i nynorsken.

Figur i litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Arne Garborg har skildra Fjørtoft i romanen Bondestudentar, som «student Fram». Han opptrer òg som Student Fredriksen i Gunnar Heibergs skodespel "Tante Ulrikke" (1883) og som figuren Olav Toft i romanen Paa Forpost av Kristofer Kristofersen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.