Olaus Islandsmoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaus Islandsmoen
Fødd 20. februar 1873

Bagn

Død 28. oktober 1949
Parti Arbeiderdemokratene

Olaus Trondsson Islandsmoen (20. februar 187328. oktober 1949) var ein norsk skulemann frå Sør-Aurdal som tidleg vart «gripen av Grundtvigs skuletankar og kom med i folkeopplysningsarbeidet og arbeidet for nasjonalt og politisk sjølvstende». Han arbeidde for ein «rikare bygdekultur». Musikaren Sigurd Islandsmoen var ein yngre bror.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Islandsmoen var son til ein gardbrukar, og vart student frå Kristiania katedralskule i 1895. I 1896-97 var han huslærar i Østerdalen, medan han i perioden 1897-1901 var lærar ved framhalsskulen i Sør-Aurdal og i 1901-02 styrar av Begnadalen private mellomskule.

Åra 1903-05 underviste Islandsmoen ved Valdres folkehøgskule. I 1906 skipa han Vestuppland folkehøgskule på garden Augedal i Brandbu og styrte skulen til 1940, då den tyske okkupasjonsmakta kverrsette skulen. Sidan gardbrukar på Augedal til 1943.

Etter å ha vore varamann til Stortinget frå Valdres i valperioden 1913-15, vart Islandsmoen vald til stortingsmann i 1915 for Arbeiderdemokratene og var åra 1916-18 sekretær i Konstitusjonskomiteen på Tinget. Gjennom dei neste tjue åra fekk han plass i fleire offentlege nemnder. Han var med i Idrettskommisjonen av 1917, og formann i Nemnda um pliktig husstellupplæring, og dessutan i Nemnda um landsungdomens vidare utdaning, begge desse siste oppnemnde i 1919. Dessutan var han med i Utvalet um militær utdaning av ungdomen ved friviljuge kurs (Leidangen) frå 1931 og tida 1933-36 var han medlem i Kontrollnemnda for den friviljuge militærtenesta.

Islandsmoen stod fremst for ei mengd lag og tiltak. Han var formann 1904-09 i Valdres skyttarlag, 1913-15 i Noregs Høgskulelærarlag, 1917-21 i Noregs Mållag og frå 1920 i Austmannalaget. Bortsett frå eit par avbrot var han formann i Fylkeslaget Uppland frå 1913 til 1942. Frå 1922 var han leiar av Valdres bygdebokkomite. I 1931 kom han med som rådsmedlem i Norges Forsvarsforening. Han var styrar av det nyskipa Hadeland folkemuseum, av Valdresmuseet og av Bagn bygdesamling.

Islandsmoen var mykje nytta som talar på stemner, og skreiv ofte artiklar til aviser og tidsskrift. Han arbeidde «ihuga» for Forsvaret og gav i 1939 ut boka Forsvarssaki.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]