Olav Aukrust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olav Aukrust

Olav Aukrust (21. januar 18833. november 1929) var ein lyrikar og diktar frå Lom kommune i Oppland fylke. Han skreiv på nynorsk med ein svip av gudbrandsdalmål. Aukrust nytta gjerne lokalområdet som inspirasjon for dei romantiske dikta sine.

Fram til 1917 arbeidde han som lærar og etter kvart folkeskulestyrar i Lom. Garden der han var fødd og budde heile livet, Nordgard Aukrust, er open for publikum i turistsesongen. Det vert drive ein stor urtehage på staden, men det er òg mogleg å sjå minne etter Aukrust.

Typisk for Aukrust er store, rapsodiske dikt med religiøst og filosofisk innhald. Han brukte gjerne den såkalla wergelandtrokeen, men ikkje så mjukt som Henrik Wergeland – til det var Aukrust for rimglad. Ved sida av Ibsen er han vorten rekna som vår mest rimglade poet. Jf. Hallvard Lie i Norsk verslære.

Mellom Aukrusts mest sentrale dikt kan nemnast Emne. Leif Mæhle skreiv doktoravhandlinga si med utgangspunkt i emneproblematikken i Aukrusts dikting. Eit anna sentralt og velkjent dikt er Still meg ei storvengja sorg overskygde som byggjer på ei ekstatisk-mystisk oppleving Aukrust hadde i ungdommen, og som kom til å tyda mykje for diktinga hans. Typisk er òg det stemningsmetta «Einsemd». Kjært for mange er det vesle diktet på fire små strofer, Ei naki grein:

"Ei naki grein med blodraud bær
og ei som bladrik blømer,
på kvar sin måte fagre er
for den som kjærleg dømer.

Den eine gjev sin ange, ho,
der ljuv ho ligg og blømer.
Den andre gjev sitt hjarteblod
når lauv og haustvind rømer.

Den eine skin og strålar, ho,
den andre brenn og mognar
og gjev til sist sitt hjarteblod;
der tung av bær ho bognar.

Eg gav deg den med blomar på.
Eg gjev deg den med bæri.
Kven rikast er vil du få sjå
litt lenger fram på ferdi."

Komponisten Sparre Olsen tonesette m.a.Fjell Noreg og Vårblå himil i mars. Det fyrste er vorte folkeeige som korsong. Camilla Granlien Band har på plata Jarnnetter (2008) brukt mange av tekstane til Aukrust og sambygdingen Tor Jonsson, inkludert Ei naki grein.

Aukrust stod på fleire måtar folketradisjonen nær. Han kunne t.d. bruka lokale segner som emne for dikting, som i Sota. Han skreiv også populære folkelivsbilete som Aksion på Tande og Bilbeistet.

Aukrust var musikalsk, og ville verta musikar, men fekk leddtuberkulose som øydela for desse planane. Han spelte likevel litt folkemusikk frå heimetraktene på fele og munnharpe.

Aukrust si dikting inspirerte fleire andre lyrikarar, mellom dei Aslaug Vaa og Olav H. Hauge, som begge byrja sin lyriske karriere i tilnærma Aukruststil.

Aukrust var gift med Gudrun Blekastad. Fram til 1917 arbeidde han som lærar og vart etterkvart folkehøgskulestyrar på Dovre og i Gausdal.

Bilethoggaren Dyre Vaa, som er kunstnaren bak Aukrustmonumentet i Lom, gav skulpturen som framstiller St. Clemens på Nidarosdomen, Aukrusts trekk. Nordgard Aukrust, garden der diktaren vart fødd og budde heile livet, er open for publikum i turistsesongen. Det vert no drive ein stor urtehage på staden, men det er òg mogleg å sjå minne etter Aukrust.

Olav Aukrust var onkelen til den folkekjære Kjell Aukrust.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Himmelvarden, 1916.
  • Hamar i Hellom, 1926.
  • Emne, Gyldendal, 1926.
  • Solrenning, Gyldendal, 1930.
  • Norske terningar, Gyldendal, 1931.
  • Dikt i samling, I-II, Gyldendal, 1942.
  • Skaldespor. Artikler, taler og brev i utvalg, Gyldendal, 1952. Utval ved Leif Mæhle. Innleiinga til Mæhle er ein utførleg biografi over diktaren.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Mæhle, Leif 1968: Vegen til varden (doktoravh.)
  • Birkeland, Bjarte: «Den nye lyrikargenerasjonen» i Noregs litteraturhistorie b. 4 1975. Spesielt om Aukrust s. 668-692.
  • Havnevik, Ivar 2002: Dikt i Noreg s. 301-306

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]