Olav Bergersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Bergersen
Olav Bergersen (2).jpg
Fødd2. juli 1880
Strinda
Død17. desember 1973
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Olav Bergersen (2. juli 188017. desember 1973) var ein norsk sjøoffiser, assurandør og politikar frå Strinda i Sør-Trøndelag. Han var 1931-33 stortingsrepresentant frå byane i Trøndelag og for partiet Høgre.

Bergersen var son til ein overrettsassessor i Trondheim. Sjølv tok han eksamen ved Sjøkrigsskulen i Horten i 1901, og avanserte til kaptein i 1912, kommandørkaptein i 1934 og kommandør i 1945. Frå 1910 til -15 var han kanonkontrollør i den norske marinen, busett i Horten. Deretter var han sjef ved skadeavdelinga i Trondhjems Forsikringsselskab A/S frå 1919 til -43. Han avla dispasjøreksamen i 1921.

Under nøytralitetsvakta 1939-40 var Bergersen sjef for Trøndelag sjøforsvarsavsnitt. Våren 1942 sat han tre månader gissel i Falstad fangeleir, hausten same året i nye to månader. I februar 1943 flykta Bergersen og kona til Sverige, før han det siste krigsåret gjorde teneste ved admiralstaben i London. Deretter var han sjef for Marinekommando Trøndelag frå 1. mai til 1. august 1945.

Bergersen hadde ei rad offentlege og organisatoriske verv, mellom anna i Norsk Sjøfartsmuseum, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og vitskapsselskapet i Trondheim. Han var formann 1923-26 i Trondhjems Sjømannsforening og i hovudstyret for Trøndelagsutstillingen 1930. Bergersen var også ordførar i representantskapet i Den Nordenfjeldske Kreditbank frå 1931 og styreformann i fleire reiarlag og industribedrifter.

I lokalpolitikken var Bergersen medlem av Horten formannskap 1910–15, og medlem av Trondheim bystyre 1925–37. Perioden 1926-31 var han med i sentralstyret til Høgre. I januar 1928 møtte han nokre veker som varamann til Stortinget, til dess Lykke-regjeringa vart felt 28. januar. Valbolken 1931-33 representerte han kjøpstadene Trondheim og Levanger på Stortinget, der han var medlem i Universitets- og fagskulekomitéen.

Bergersen skreiv fleire militærvitskaplege avhandlingar, mellom anna ein omfangsrik biografi om Peter Wessel, Viceadmiral Tordenskiold, utgjeven i 1925. Han vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull og var kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]