Olav Bjørgum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Bjørgum
Fødd 14. november 1934 (85 år)
Valle kommune
Yrke illustratør, grafikar

Olav Bjørgum (fødd 1934 på Bjørgum i Valle i Setesdal) er ein norsk biletkunstnar og illustratør. Han bur i Gvarv i Telemark. Bjørgum er bror til spelemannen og sylvsmeden Torleiv H. Bjørgum og er sjølv utdanna sylvsmed.

Olav Bjørgum etablerte eigen grafisk verkstad i 1964. Han har illustrert omkring 35 bøker, hatt fleire offentlege utsmykkingsoppgåver og delteke på ei mengd utstillingar. Olav Bjørgum mottok Kirke- og kulturdepartementets illustrasjonspris for to av barnebøkene til Ingeborg Refling Hagen, Eventyr og historier fra Mostua, Del II frå 1969 og Eventyr og historier fra Mostua, Del IV fra 1970.

Bjørgum har ein karakteristisk strek og baserer mykje av sin kunst på inspirasjon frå bokverket Gamalt or Sætesdal. Det gjeld mellom anna juleheftet Jol i Setesdal, som han har levert illustrasjonar til sidan starten. I tillegg til framsida har han ei rekke illustrasjonar inne i bladet, gjerne med ein bilettekst henta frå Gamalt or Sætesdal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]