Olav Bratland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Bratland
Olav bratland.jpg
Fødd 13. mars 1944

Flatanger

Parti Høgre
1. verv Ordførar i Stordal
 - periode 1994–2003
 - føregangar Ingrid Løset
 - etterfylgjar Charles Tøsse
2. verv Leiar av Møre og Romsdal Høgre
 - periode 2006–2007
 - føregangar Knut Starheim
 - etterfylgjar Elisabeth Røbekk Nørve
3. verv Fylkesordførar i Møre og Romsdal
 - periode 2007–2011
 - føregangar Jon Aasen
 - etterfylgjar Jon Aasen

Olav Bratland (fødd 13. mars 1944) er ein norsk politikar som representerer Høgre. Han var ordførar i Stordal kommune frå 1994 til 2003 og leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkesting frå 1999 til 2003. Bratland var gruppeleiar i Møre og Romsdal fylkesting frå 2003 til 2007, og sat då i nærings- og miljøutvalet. Bratland tok over som fylkesordførar 22. oktober 2007. Då gjekk han samtidig av som leiar i Møre og Romsdal Høgre og overlét vervet til 1. nestleiar Elisabeth Røbekk Nørve.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]