Olav Christopher Jenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Christopher Jenssen
Fødd 2. april 1954 (67 år)
Sortland
Yrke fotballspelar, kunstmålar, universitetslærar, bilethoggar, teiknar
Olav Christopher Jenssen på Commons
Another Thinking Bell av Olav Christopher Jenssen frå 2006 i Stadsbiblioteken i Halmstad i Sverige

Olav Christopher Jenssen (fødd 2. april 1954 på Sortland) er ein norsk biletkunstnar.

Han tok utdanning ved Statens handverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi i Oslo. Han spela elles fotball for fotballaga Lillestrøm og Lyn på 1970-talet.[1]

Jenssen er rekna som ein av dei mest respekterte nolevande norske kunstnarane, med ein betydeleg internasjonal karriere. Han har i ei årrekkje budd og arbeidt i Berlin, og i åra 1996 til 2003 var han professor i målarkunst ved Hochschule für Bildende Künste i Hamburg. I 1992 vart han vald ut til å stille ut ved den prestisjefylte utstillinga documenta i Kassel i Tyskland. Han var festspelutstillar i Bergen i år 2000. Måleriserien «Lack of Memory» (1992) vart kåra til eit av Morgenbladets 12 viktigaste kunstverk.

Av norske museum er det Nordnorsk Kunstmuseum som har den største samlinga av kunsten til Jenssen, etter at kunstnaren donerte 95 verk til museet i mars 2014. Verka blei viste fram i utstillinga Donasjonen i perioden 15. mars–1. juni 2014.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. nrk.no Abstrakt natur
  2. «Utnevnelse til St. Olavs Orden», Kongehuset, 7. april 2015. Lest 8. april 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]