Olav Fetveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Fetveit
Fødd 17. september 1822
Død

18. oktober 1893 (71 år)

Yrke skolelærer

Olav Olavsson Fetveit (17. september 182218. oktober 1893) var ein lærar frå Vinje i Telemark.

Fetveit tok eksamen ved Asker seminar i 1843, samstundes med sambygdingen Aasmund Olavson Vinje. Fetveit vart omgåande tilsett som skulelærar og kyrkjesongar i heimbygda, stillingspostar som A.O. Vinje meinte å ha fått lovnad på. Fetveit skreiv mange viser på Vinje-mål, mellom andre «Kaffivisa». Nokre av visene hans er prenta i Magnus Brostrup Landstad sine Folkeviser.

Fetveit, som budde sentralt i Vinje, dreiv eit lite gardsbruk ved sidan av den livsvarige lærar- og klokkar-gjerninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]