Olav Five

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Five
Fødd 1846
Død

1930

Olav Five (1846-1930) var ein norsk skyttarlagsorganisator og skipar av Five-fondet. Han var oppteken av jarnvegsaka og ihuga målmann og arbeidde for Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og «Den 17de Mai». Han var æresmedlem av Studentmållaget i Oslo

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han var førskulelærar og seinare amtskulestyrar i Inntrøndelag 1876-92 og lærar på lærarskulen i Kristiansand 1892-96. I 1881 skipa han «Inntrøndelagens og Namdalens Folkebevæbningssamlag» som det fyrste av sitt slag i landet. Året etter fekk han samla ein landssamskipnad under mottoet «folket til våpen» til vern for stortinget mot planar om kupp. Five vart sjølv leiar. Samskipnaden vart kalla «Stortingshæren» og Five for «skyttargeneralen» av motstandarane. Fram til 1908 var han formann for «Det frivillige norske skyttervæsen» som oppstod då folkevæbningssamlaga og skyttarlaga i Centralforeningen gjekk saman. Han var sjef for Skytterkontoret 1908-19. Five var ei tid ordførar for Beitstad og stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag 1900-03.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

[1]