Olav Fjørtoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Olav Elias Peder Fjørtoft (18. august 18883. januar 1955) var ein lærar, klokkar, gardbrukar og forfattar frå Haram.

Fjørtoft var 1910-11 lærar i Evje i Setesdal. Sidan var han i mange år lærar og klokkar i heime på Fjørtofta. Nær samstundes etter han flytta heim, tok han over slektsgarden Einagarden på Nøre-Fjørtoft og dreiv denne.

I 1921 gav han ut Olaus J. Fjørtoft. Eit utsyn av livssoga og livsverket hans- I 1947 kom soga om Storsildlaget 1927-1937, ei bok han skreiv på oppdrag frå Storsildlaget.

I 2012 gav Haram historiske lag ut Fiskarsoge for Haram, eit manuskript Olav Fjørtoft hadde ferdig då han døydde.

Fjørtoft skreiv elles artiklar om historiske og nasjonale emne, prenta i blad og tidsskrift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Fjørtoft: Fiskarsoge for Haram, Haram kulturhistoriske lag, skrift nr.61. Bokbra forlag, 2012. ISBN 978-82-998208-4-4