Olav Gøytil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Gøytil
Fødd18. oktober 1865
Død18. januar 1947 (81 år)
OpphavNoreg
BornOlav Groven, Eivind Groven

Olav Aasmundsson Gøytil (18. oktober 186518. januar 1947) var ein norsk skulelærar og bonde i Lårdal i Telemark. Han var far til Olav Groven og Eivind Groven.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Olav A. Gøytil var son av omgangsskulelærar og bonde Åsmund Gøytil og Margit Særen. Han var yngst av ti søsken, og vart gjerne kalla Vesle-Olav, av di ein eldre bror og heitte Olav. Han voks opp på garden Uppigard Gøytil, Gøytilsgrend i Lårdal. Det var stor musikalsk givnad i heimemiljøet, sjølv om det ikkje var lov å spela fele. Stor-Olav, seinare Olav Sandok, spela salmodikon, og søstrene i huset song. Olav lærte seg litt felespel, men i seinare år tralla han mest.

Etter konfirmasjonen gjekk han og eit år på Ullmanns Folkehøgskule (1881). Her vart han medveten om målsaka. På Folkehøgskulen møtte han Aslaug Rikardsdotter Berge frå Rauland, dotter av Rikard Aslaksson Berge. Etter folkehøgskulen gjekk han til presten for å få vandelsattest så han kunne emigrere til USA. Presten såg at Olav var gåverik og fekk han i staden til å ta lærarutdaning i Kviteseid. Han var ferdig utdanna då han var 21 år. I 1887 kjøpte han garden Groven i Gøytil grend av broren Olav Sandok. Her var han fødd, og her døydde han. Han verka som lærar i fleire skulekrinsar, i Høydalsmo, Flektveit og på Gøytil, I 1890 gifte han seg med Aslaug R. Berge. Dei fekk dei fem søner, Åsmund, Rikard, Olav, Sverre, og Eivind Groven. Sverre blei far til munnspelvirtuosen Sigmund Groven.

Olav Gøytil hadde gjennom folkehøgskulen teke inntrykk av Nikolai Frederik Severin Grundtvig. Dette prega kristendomssynet hans og måten han underviste på. Han var aktiv på venstresida, og røysta til dømes mot kongedøme hausten 1905. Han oppdro mange ungdomar gjennom skulearbeidet sitt, og det går ord om at han har noko av æra for den sterke motstandsrørsla i øvre Telemark under Andre verdskrigen. Han var ofte ute og stødde dei som hadde det vanskeleg, og var ei tid vald inn i heradsstyret i Lårdal. Han tala gjerne ved høgtidelege høve.

Som medlem av heradsstyret sytte Olav i lag med andre bønder for at nynorsk vart hovudmål i Lårdal, både kyrkje og skule. Han var og aktiv i skogdriftsnæringa, og var med på å få gjennom vedtak som verna om sjølvdrive skogbruk i heradet.

Eivind Groven har skrive opp nokre slåttar etter faren, mellom dei springar nr 501c i det store hardingfeleverket, ein variant av slåtten «Tannlausen».

Olav Gøytil døydde i 1947.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]