Olav Gunnar Ballo
Utsjånad
| Olav Gunnar Ballo | |||
| Olav Gunnar Ballo Foto: Lars Røed Hansen | |||
| Fødd | 22. oktober 1956 (69 år) Alta | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Sosialistisk Venstreparti (oktober 2011), Arbeidarpartiet (oktober 2011) | ||
| Yrke | politikar, lege | ||
| Utdanna ved | Julius-Maximilian-universitetet i Würzburg | ||
| Ektefelle | Heidi Sørensen | ||
| Alle verv |
| ||
Olav Gunnar Ballo (fødd 22. oktober 1956) er ein norsk politikar for SV, fødd i Alta i Finnmark.
Ballo vart vald inn på Stortinget frå Finnmark i 1997. Han var vararepresentant frå 1993.
Ballo er lege (Cand.med.) frå Würzburg universitet i Bayern (Tyskland), der han tok eksamen i 1983.
Han vart usamd med partiet i fleire saker, mellom anna om bioteknologi. I 2011 melde han seg ut av SV og inn i Arbeidarpartiet. Han har vore gift med stortingsrepresentant og tidlegare statssekretær Heidi Sørensen. I 2012 gav han ut sjølvbiografien Stortingsliv, der han tek eit oppgjer med mellom anna partikulturen i SV.
Stortingets presidentskap
[endre | endre wikiteksten]- 2005–2009 visepresident i Odelstinget.
- 1997–2001 visesekretær i Odelstinget.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2005–2009 medlem av Justiskomiteen.
- 2001–2005 medlem av Sosialkomiteen.
- 1997–2001 medlem av Sosialkomiteen.