Olav Håkanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Håkanes
Fødd 1. mars 1822
Død

26. oktober 1908 (86 år)

Yrke musikar

Olav Øysteinsson Håkanes (1. mars 182226. oktober 1908) var ein norsk gardbrukar og spelmann frå Tinn.

Han var fødd på garden Håkanes, og tok i si tid over farsgarden. Som hardingfelespelar lærde han mest av Knut Lurås, ein kar han var i slekt med både far- og morsida. Han lærde også av Håvard Gibøen og Knut Synnstaul. Håkanes var særleg glad i såkalla rekvespel, og skal ha hatt «mykje vossetakt i slåttane sine».[1]

Også sonen Øystein Håkanes var ein kjend hardingfelespelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok. VI. bandet. 1955