Olav Håstabø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Håstabø
Fødd1826
Død1899 (73 år)
Verka sommusikar

Ola Håstabø (1826-1899) var ein norsk spelemann frå Hardanger. Ola Håstabø kom frå Løfloten under Håstabba, som det offisielle namnet på garden er. Løfloten ligg like ved Kvandal. Etter Håstabø lever det meir enn 30 slåttar som han laga eller formidla vidare i si eiga utforming. Han har forma ut slåtten Spelar-Guro, som han hadde etter Nils Rekve, og bruraslåtten (etter Isak Rokne). Spelar-Guro vart kalla opp etter kona, som heitte Guro. Slåtten er og kjend under namnet Fjøllmanngjenta. Håstabø budde i sine eldre dagar på Hamre med Guro. Det er kjent at Håstabø spelte på ei isak-fele frå 1751.

Håstabø hadde lært mykje spel av Nils Rekve, og var ein av dei faste læresveinane hans Nils. Mange av dei sokalla håstabøgangarane er truleg rekveslåttar. Elles var Håstabø i lag med Per Bulko og Nils Reiseter. Han tok og imot og spela i lag med spelemenn frå Telemark. Ola Mosafinn var på Løfloten i 1850 og fekk ei rad med slåttar av Olav.

Håstabø hadde ei rekkje andre læresveinar, deriblandt Nils Tjoflot, som han rekna som ein av dei beste, og Halldor Meland. Ein annan var Per Kjepso (1873-1925). Mange av slåttane etter Olav vart og ført vidare av brorsonen Sjurd Håstabø.

Håstabøslåttar i Hardingfeleverket[endre | endre wikiteksten]

Arne Bjørndal skreiv ned fire slåttar etter Ola Mosafinn som visst var etter Håstabøen. Elles finst det håstabøslåttar etter Magnus Dagestad, Anders S. Kjerland og Halldor Meland og Sjurd Håstabø (ti slåttar).

  • nr 151a, Halling etter Mosafinn (2/4). Mosafinn fekk slåtten frå Håstabøen i 1850.
  • springar nr 116, Filipslåtten. Namnet er etter ein sprek dansar, Filip Mala. Håstabø fekk slåtten frå spelemannen Nils Reiseter frå Granvin.
  • springar nr 366a, Håstabøen. Det var Mosafinn som namngav slåtten til ære for Håstabø. Håstabø hadde slåtten etter Per Bulko. Slåtten er seinare bygd ut av Halldor Meland.
  • Bjørndal skreiv og om ein slått som ikkje er prenta i Hardingfeleverket: Langemarsjen, som Håstabø lærte av spelemannen Olav Bergsland frå Åmotsdal, Seljord.

Sjå og under Slåttar frå Hardanger