Olav Henning Vatne
Olav Henning Vatne (fødd 1965) er ein tidlegare handballspelar frå Molde. Han vann to seriemeisterskap og eitt cupmeisterskap med Stavanger IF. Vatne var ein hardtskytade rykkromspelar.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Vatne spelte på Molde HK sitt lag frå 1985 til 1987. Han melde då overgang til topplaget Stavanger IF og bidrog til at mannskapet i Stavanger vann seriemeisterskapen i 1989 og året etter. Han spelte to NM-finalar. I 1988/89-finalen vart det tap mot byrival Viking HK, medan det i 1991 vart siger over IL Runar. I 1992 tok Vatne turen til spanske Alicante. Etter eit mislukka opphald i utlandet, vende han 1993 tilbake til Molde. Han var aktiv på nivå 2 i seriesystemet til 1997.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Vatne debuterte for Noreg med tap mot Sverige den 24. oktober og avslutta med siger mot Sverige den 28. februar 1992. På sine 42 landskampar skåra han 47 mål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]