Olav I. Hagen
Olav I. Hagen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. november 1921 Vingrom |
Død | |
Idrett | langrenn |
Yrke | langrennsløpar |
Olav Ingvaldsson Hagen (fødd 28. november 1921) er ein norsk, tidlegare langrennsløpar som vann ein bronsemedalje for Noreg på 4x10 km stafett under vinter-OL i St. Moritz.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Hagen deltok vinteren 1948 i dei olympiske leikane i St. Moritz. Han vart nummer ni og beste nordmann på 18-kilometeren og var dermed klar for det norske stafettlaget over 4x10 km. Etter at Erling Evensen, Olav N. Økern og Reidar Nyborg hadde gått sine etappar, gjekk Hagen ut på sin etappe over tre og eit halvt minutt etter Finlands ankermann. Han var såleis utan reell moglegheit på sølvmedaljen, olympiameistrane frå Sverige var i ein klasse for seg og gjekk i mål nesten ni miuttar føre Finland, medan bronselaget frå Noreg var over elleve miuttar bak svenskane. Seinare i sesongen tok Hagen sølvmedaljen på tremila i noregsmeisterskapen, Leif Haugen vart ein suveren meister på distansen. Etter OL-sesongen la Hagen ned satsinga på idretten.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]
- 1947: Nr 5 på 18 km
- 1948: Sølvmedalje på 30 km
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957
- (en) Olav I. Hagen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.