Olav Kaste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Kaste
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. oktober 1902
Død

1991 (88 år)

Yrke skribent, lærar, lyrikar

Olav Kaste (8. oktober 190213. mai 1991) var ein norsk forfattar og lærar. Han var fødd og budde i Heddal i Telemark. Han debuterte som lyrikar i 1946 med samlinga La visne dei blomar.

Eit menneske å snakke med.
Eit menneske å sjå.
Eit menneske å teie med
er alt eg ber om nå

Eg ropar på ein lidingsbror,
men slår i same stund
meg sjøl i syn.
eit rop om det
er synd i slik ein munn.

Men flør da kje og fargar duk
eit overgose staup?
Og ropar ikkje Vårherre sjøl
da blod og sveitte draup?

Olav Kaste
«Eg ropar» frå Norske dikt frå Edda til i dag.

Kaste gjekk Sagavoll ungdomsskule i 1920 og på Notodden lærarhøgskule frå 1921 til 1924. Etter lærarskulen arbeidde han i ulike vikarstillingar i Lisleherad og Jondalen, før han i 1927 fekk fast tilsetjing ved Nordbygda skule i heimbygda Heddal. Her arbeidde Kaste til han gjekk av med pensjon i 1970. Av diktsamlingar kan ein nemne Og det vart morgon (1965), der han syner seg som ein sterk, ekte og kjenslevarm lyrikar.

Attåt diktsamlingane har Kaste skrive mange enkeltdikt og songar, mellom anna «Heddal-songen». Songen har blitt tonesett av både Sigmund Groven og Sparre Olsen. Førstnemnde var nabo av Kaste i oppveksten, og har tonesett fleira av dikta hans. Geirr Tveitt og Sylke Feldhusen har òg sett melodi til Kaste sine dikt.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • La visne dei blomar (1946)
  • Og det blei kveld (1950)
  • I skuggen av Tåråfjell (1955)
  • I otta (1958)
  • Og det vart morgon (1965)
  • Smykke (1966)
  • Smykke, andre del (1968)
  • Også her er graset grønt (1979)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Olav_Kaste» i Store norske leksikon, snl.no.