Olav Kavli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Kavli
Olav Kavli.jpg
Fødd 7. januar 1872
Årø
Død

22. september 1958
Bergen

Yrke forretningsdrivande

Olav Kavli (fødd Ole Knutsen (fødd 7. januar 1872 i Bolsøy, død 22. desember 1958) var ein norsk forretningsmann, kjend for sin suksess med smelteost.[1]

Kavli voks opp i små kår utanfor Molde, men reiste til Bergen i 1890 der han tok handelsbrev og etablerte eigen ostehandel i 1894. Han utvida i perioden fram til 1910 sine utanlandske handelskontakter i England, Sverige, Danmark og til USA etter ei handelsreise dit i 1910. Han starta meieri på Sandnes i 1914 og fekk gjennombrot med lanseringa av osten Primula i 1924, verdas første smelteost,Mal:Fact basert på idear frå ei studiereise til Sveits, Serbia og Bulgaria. Ved å smelte saman det beste fra yoghurten og osten oppnådde han ein blaut ost med god haldbarheit.

Olav Kavli sin son Knut (1896-1965) vart medeigar i 1924 i Kavli og fekk ansvaret for drifta i Noreg. Olav reiste mykje og utvikla agenturar i USA, Hellas, India og Afrika. Verdas førsteMal:Fact tube-ost vart lansert i 1929 og tilpassa dei enkelte land og deira marknader. Før den andre verdskrig vart det eksportert til over femti land. Produksjonen i Danmark starta i 1935. Etter hans død i 1958 vart aksjane overført til «O. Kavli og Knut Kavlis Almennyttige Fond» i 1962, det såkalla «Kavlifondet». Kavlifondet er framleis eigar av Kavli og etter kvart òg av Q-meieriene.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Med ost i kofferten (John Griegs forlag, 1946). Om tre handelsreiser til USA (1910, 1922 og 1927).

Referansar[endre | endre wikiteksten]