Olav Knutsson Tveiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Knutsson Tveiten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1758
Valle kommune
Død

5. oktober 1837 (79 år)

Yrke politikar, bonde
Språk norsk
Olav Knutsson Tveiten på Commons

Olav Knutsson Tveiten (17585. oktober 1837) var ein norsk lærar, lensmann, gardbrukar og eidsvollsmann frå Valle i Aust-Agder.

Han var fødd og oppvaksen på garden Nordigard Tveiten i Valle. Frå 1776 var han omgangsskulelærar i Valle, eit yrke han hadde fram til 1785. Deretter vart han i 1786 lensmann, eit ombod han hadde til 1837, like før han døydde. Som lensmann vart han halden for rettvis, uavhengig, og med forståing for folks vanskelege kår. Lensmannsfolket var gjestfrie, også mot dei årvisse fantefylgja. År 1788 tok han over farsgarden og dreiv denne. Han dreiv også som driftekar og handelsmann. Om sommaren låg han då i heiane med kyr og sauer. Hausten barst det til byen for sal. I byen selde han elles både kjøt og smør.

Valle kyrkje i Setesdal med bautasteinen over Olav Knutsson Tveiten.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Tveiten var ein sterk kar, vel likt, kjent som ein som treivst i godt drikkelag. Under eit barselgilde på Brokke i 1797 kom han i slagsmål med Torjus Rysstad. Torjus vart drepen, og Tveiten vart i fyrste omgang dømd. Seinare vart han frikjend i Høgsterett, då retten kom til at han hadde handla i nødverje. Tveiten kunne halde fram som lensmann, men vart i ettertid aldri den same.

I 1814 var Tveiten utsending frå Råbyggelaget til riksforsamlingaEidsvoll. Der var han mellom dei fyrste som gjekk i forsvar for odelsretten. Han høyrde til sjølvstendepartiet, og gav som mange av bøndene si støtte til Christian Magnus Falsen og Kristian Fredrik. Under handsaminga av rang og ordenar somna han, og vart vekt til avrøystinga. Bramfritt spurde han då kva Falsen hadde røysta, og røysta så sjølv for same forslaget. 17. mai 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik og melde frå om kongevalet. Med ein liketil veremåte og tale, skal han sjarmert den nyvalde kongen så vidt at Tveiten fekk ein gullring og eit gullur, samt lova kår for borna hans om dei nokon gong skulle trenge det. I fylgje Johannes Skar vart det innfridd av Stortinget, fordi kongen så hadde lova.

Tveiten døydde på garden sin i Valle i 1837. På kyrkjegarden ved Valle kyrkje står ein grovhogd bautastein av granitt med namnet hans og minneordet “Bonden skal ha sin odel”.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]