Olav Løkse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Løkse
Fødd 9. oktober 1910
Død

24. februar 1999 (88 år)

Olav Løkse (9. oktober 191024. februar 1999) var ein norsk filolog og skulemann frå Salangen.

Løkse vart cand.philol. i 1938 og arbeidde som lektor i den høgre allmennskulen i Kongsberg i tida 1939-45. Etter eitt år som lektor på Ullern i Oslo, var han frå 1946 rektor på Troms Offentlege Landsgymnas til 1980. Jamsides skreiv han artiklar og avhandlingar om kultur- og litteraturhistoriske emne.

Løkse døydde i Finnfjordbotn i Lenvik.

I eit langt lyrisk «Minneord» i Skolefokus nr 8, 1999, ytra Torstein Sausjord mellom anna:

«Så difor var i all di ferd i skule, lag og samfunnsliv
du alltid målmann,
av di du såg kor snøgt det er å verta talerøyr
for andre sine gamle, daude tankar,
når me det ikkje maktar
å bruke målet som i eige hjarta bankar.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]