Olav Lysne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Lysne
Fødd3. juli 1963
NasjonalitetNoreg
Områdedatateknikk
Yrkeprofessor
InstitusjonarOslomet – storbyuniversitetet
Alma materDet matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO

Olav Lysne (fødd 3. juli 1963) er ein norsk informatikar. Han leier seksjonen for nettverk og distribuerte system ved Simula Research Laboratory. Han er òg professor ved Universitetet i Oslo, der han leier den strategiske forskingsgruppa ConSeRNS.

Lysne tok hovudfag i informatikk i 1988[1] og doktorgrad i 1991.[2] Han er leiar for Center for Resilient Networks and Communication (CRNA)[3] som forskar på tryggleik, robustheit og yting i nettverk og system, til identitets- og tillitshandtering, sikkerheitsbrukarvenlegheit, og dessutan formell verifisering av tryggleiksprotokollar og system. CRNA er finansiert av Samferdsledepartementet, og består av seksjon for kommunikasjonssystem ved Simula Research Laboratory,[4] Simula@UiB[5] ved Universitetet i Bergen og forskingsgruppa ConSeRNS ved Universitetet i Oslo.[6]

Olav Lysne har særleg forska på korleis nettverksarkitektur har innverknad på yting, tenestekvalitet og oppetid i datanettverk.[7] Spesielt har resultat knytt til målingar av robustheit i dei norske telenetta skapt debatt i telekom-bransjen.[8][9] I 2015 spelte han ei sentral rolle i å klargjera i kva grad Aftenposten sine funn av falske basestasjonar i Oslo var reelle.[10][11]

I 2014 og 2015 var Lysne var leiar for «Lysneutvalget» - eit regjeringsoppnemnt utval som kartla samfunnet sin digitale sårbarheit og føreslo informasjonstryggleikstiltak.[12][13] I 2016 vart Lysne II-utvalet nedsett. Dette utvalet fekk i oppgåve å greia ut behovet for digital grensekontroll i Noreg.[14]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Olav Lysne Syntaksorientert editor basert på 2-nivå BNF Hovedoppgave i informatikk - Universitetet i Oslo, 1988
  2. Olav Lysne Term rewriting techniques for systems based on generator induction Avhandling (dr. scient.) - Universitetet i Oslo, 1991 ISBN: 82-7368-071-1
  3. «CRNA». Simula Research Laboratory. 
  4. «Section for Communication systems». Simula Research Laboratory. 
  5. «Department of Security, Simula @ UiB». Simula Research Laboratory. 
  6. «Om ConSeRNS». Universitetet i Oslo IFI. 
  7. «Professor Olav Lysne». Simula Research Laboratory. 
  8. CRNA - Centre for Resilient Networks & Applications (14.03.2014). «Robusthet i norske mobilnett, Tilstandsrapport 2013, CRNA». Simula Research Laboratory. 
  9. «Tar til motmæle mot forskningskritikk». Inside Telecom. 03.05.2012. 
  10. «PST: Ikke funnet grunnlag for falske basestasjoner». VG. Verdens Gang. 
  11. «Overvåkningsavsløringen: Peker mot Kina og Russland». E24. E24. 
  12. «Regjeringen oppnevner digitalt sårbarhetsutvalg». Regjeringa. 19.06.2014. 
  13. «Norges nye, digitale trusselbilde». Aftenposten. 
  14. «Ser på problemstillinger ved tilgang til den digitale informasjonsflyten inn og ut av Norge». Regjeringen.no (på norsk). Regjeringa. 24. februar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]