Olav M. Skulberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav M. Skulberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. august 1930
Død

15. januar 2021 (90 år)

Yrke botanikar, forskar

Olav M. Skulberg (fødd 3. august 1930 i Spydeberg) er ein norsk botanikar. Han har ferskvassalgar som spesialfelt.

Han studerte i Sveits og vart tilsett ved Norsk institutt for vannforskning (NIVA) då institusjonen vart oppretta i 1958. Skulberg utvikla ein metode for å teste biologisk tilgjengeleg plantenæring og giftstoff i vatn, basert på algekulturar. Denne metoden vart sidan nytta i mange land. Ved NIVA bygde han opp ei samling av algekulturar, som har vorte nytta i både undervisning og forsking og som i seinare år har danna grunnlaget for molekylærbiologisk forsking av internasjonal interesse, særleg innan evolusjonsbiologi og giftige algar.

Skulberg har skrive fleire vitskaplege avhandlingar om algar og kva dei tyder for vatn og vassdrag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Olav_M._Skulberg» av Dag Klaveness i Store norske leksikon, snl.no.