Olav Mannslagar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Olav Mannslagar, opphavleg Olav Gardvik, (daud 1693) var ein norsk mann som vart kjend for drapet på Torgrim Svartdal i 1684. Det finst ei rekkje segner knytt til soga om Mannslagaren. Han budde i Seljord.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Olav Gardvik kom frå Midsund i Kviteseid, og det er sagt at far hans heitte Hølgje. Han gifte seg til Gardvik i Seljord, og i tillegg åtte han gardane Gåsdalen og Dale, og noko av garden Brekke ovanfor Seljordsvatnet.

I 1684 var Olav til stades i eit bryllaup, eit skålelag, på garden Nordre Øverland. Her fortel segnene om ei rekkje varsel og teikn før han for, til dømes om ein kniv han tok med seg i vanvare, og denne kniven var det noko vondt med. Det kom og ei fatigkjering til Olav for å spå om lagnaden hans, som vara han vel mot å fara: «Men nøyare om tid og stad kan eg kje seia deg. Men du skal ha det til merkje, at når du dreg båe sokkane på ein fot og gjeng og leitar etter den eine sokken din, då er tida komen - då er ulykka nere, - akta deg då, Olav Garvik!» Difor hende det seg at Olav ikkje ville reise til Øverland då tida kom. Han gav etter av di alle bad han koma, og han svinta seg slik at det vart som kjerringa spådde.

I dette bryllaupet kom Olav til å ta livet av Torgrim Svartdal. For dette drapet vart han dømd til avretting ved øks i 1686. Men det vart sett eit vilkår, at om han evna å leva fredlaus i sju år, var han fri straffa. Olav rømde til fjells og budde i desse åra under Brokfjøll, i ei hole som er kalla Mannslagarhola. Denne hadde tre utgangar, slik at han lett kunne rømme.

Olav sette ein kross i eit tre for kvart år han var der, men vart teken då det berre var nokre dagar att av tida. Han let seg binde frivillig, vert det sagt, av di han var trøytt av livet då tida kom. Det er òg sagt at det var ein Eivind Vindal som sveik Olav, av di han ville ha garden hans. Andres, son av Olav, laut gje frå seg Gardvik til Eivind.

Andres Olavsson vart gift til Kivle i Kivledalen. Sonen hans heitte Tov, og Tov flutte til Synsttveiten der han fekk ei dotter som heitte Gunnhild. Ho vart mor hennar Anne Godlid, sogeseiaren. Ætta etter Olav Gardvik vert kalla Mannslagarætta, og er talrik i Seljord til denne dag.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Årsaka til drapet var at Torgrim Svartdal hadde tjuvlånt ein pram, og far hans Torgrim hadde tidlegare snytt Olav i ein handel. Dei episke lovene har verka inn på attgjevinga av segna, til dømes varsla i førekant av gildet. «Tradisjonen gjev oss eit bilete av Olav Gardvik som ein bra mann som trass i sin vanlagnad held seg rak og tek konsekvensane av det han har gjort av urett. Segnverdien som historisk kjelde ligg derfor like mykje i det synet folk hadde på den ulykkelege drapsmannen. Segna strekar under kva for krefter som førte Garvik-bonden i ulukka og kva personlege kvalitetar hjå Olav som dreiv han til soning og avretting» (Norske segner s. 294). Segna er lang og er bygd opp som ei ættesoge.

Innsamling og kjelder[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende versjonen av segna om Olav Gardvik vart utgjeven i samlinga Norske segner i 1981. Segna vart mellom anna fortald av Olav Tjønnstaul etter bestemora Anne Godlid. Segna har tidlegare vore trykt opp alt i samlinga Sagn fra Telemarken i 1891 (Halvor Nilsen Tvedten).

Rettsprotokollen frå rettargangen mot Olav Gardvik er attgjeven i Fogderegnskap Øvre og Nedre Telemarken 1686 (Riksarkivet).

Offentlege dokument frå rettssaken viser at drapet vart utført 2. juli 1684, medan Gardvik vart dømd 7. november 1686. Dokumentasjon frå skarprettaren Jørgen Nielsen viser at Gardvik vart avretta 20. november. Det at Gardvik skal ha halde seg skjult i nesten sju år er derfor dikting.[1] Dette er eit døem på at sjølv om hendinga er veldokumentert har ho trekt til seg mange sogeelement, og ho vert difor rekna til gruppa av historiske segner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kvaalen, Olav (1979). Stubbar om telegubbar. Forfatteren. s. 86.