Olav Moen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Moen
Fødd1875
Død1968

Olav Moen (18751968) var ein norsk hagebruksforskar og mangeårig professor i hagebruk ved Noregs Landbrukshøgskule.

Moen var frå Måndalen i Rauma kommune i Romsdal. Han utdanna seg innan landbruk og hagebruk. Frå 1898 var han hagebrukslærar og gartnar ymse stader. Moen studerte ved Noregs Landbrukshøgskule 1911-13, og sidan ved Cornell University i New York i USA. Han vart tilsett ved landbrukshøgskulen som dosent i hagebruk i 1916, frå 1919 som professor. I denne tida var han leiar for instituttet for planteskuldrift og grønsakdyrking.

Moen gav ut mange bøker og skreiv artiklar om dyrking av grønsaker og rotvokstrar. Han sat elles i landsstyret for Norges Bondelag i mange år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]