Olav Nygards veg i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Olav Nygards veg (11–217, 8–230) er ein vegUlsrud i Bydel Østensjø i Oslo.[1]

Vegen er oppkalla etter diktaren Olav Nygard, som budde på ein husmannsplass på Ulsrud dei siste åra av livet. Vegen fekk det noverande namnet sitt i 1962.[2]

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Nr Bilete Skildring
8–57 Olav Nygards veg 8–57 Lavblokker med 240 leilegheiter oppførte 1961–1962 ved arkitekt Ina Backer / USBL.[2]
16–228, 69–217 Olav Nygards veg 16–228, 69–217 Tveteråsen (saman med Mikkel Revs veg 1–65). 200 rekkjehus og dessutan butikk og parkeringshus oppførte i 1964–1966 ved arkitekt Bengt Espen Knutsen. Sundts premie 1966–1969. Rekkjehusa har fem rom og er bygde i kvit betongstein i to etasjar. Pulttak.[3]
212–216 Olav Nygards veg 212–216 Bustadsblokker oppførte 1968 ved arkitekt H. Klem.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Oslo kommune – Bydelsoversikt (O)». Oslo kommune. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 5. januar 2020. 
  2. 2,0 2,1 Tvedt, Knut Are, red. (2010). «Olav Nygards veg». Oslo byleksikon (5 utg.). Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  3. Engh, Pål Henry; Gunnarsjaa, Arne (1984). «Tveteråsen». Oslo : En arkitekturguide. Universitetsforlaget. ISBN 82-00-05961-8.