Olav Nylund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Nylund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. februar 1903
Død

1. november 1957 (54 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Olav Kjetilson Nylund (25. februar 19031. november 1957) var ein norsk småbrukar og stortingsmann frå Åmli. Han representerte Arbeidarpartiet og Aust-AgderStortinget frå 1945 til 1953.

Nylund var son til ein gardbrukar. Sjølv var han frå 1917 gardsdreng og skogsarbeidar til 1920. Skulevinteren 1920-21 gjekk han på Telemark folkehøgskule. Der etter arbeidde han 1921-25 med stikning og var oppsynsmanns-assistent ved bygginga av Sørlandsbanen. Etter 1925 dreiv han eit småbruk og arbeidde elles i skogen, på anlegg og var pelsdyroppdrettar.

Nylund var medlem i Åmli kommunestyre frå 1931 til 1957, ordførar 1934-40 og varaordførar 1947-51. Ved stortingsvalet 1945 vart han vald inn på Stortinget frå Aust-Agder og attvald i 1949. Begge fireårsbolkane var han medlem av Protokollkomiteen. Frå 1946 var han elles medlem i Forsvarskommisjonen av 1946.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]