Olav Sataslåtten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Sataslåtten

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. februar 1891
Død

10. desember 1971 (80 år)

Yrke musikar
Olav Sataslåtten på Commons

Olav T. Sataslåtten (4. februar 189110. desember 1971)[1] var ein spelemann frå Ål i Hallingdal.

Olav vart fødd i Satakroken nedanfor sjølve Ål, og budde her til 1939, då han flytte til garden VestenforTorpo. Her vart han leiar for Torpo Spelemannslag, og den førande tradisjonsberaren i denne delen av kommunen. Han kom og til å ha stor innverknad på spel- og dansemiljøet i Gol.

Olav Sataslåtten tok tidleg ved fela, men var aldri i jamn lære hjå ein spelemann. Han var likevel snøgg til å fange opp slåttane, og lydde på fleire spelemenn i oppvekstmiljøet, særskild Ola Dekko og sønene hans Asle Øyno. I unge år var han i skreddarlære på Kongsberg, og her var han mellom anna i lag med spelemannen Ole Hakkelberg og andre numedøler. Frå desse fekk han slåttar i Numedals- og telemarkstradisjon.

Saman med Sevat Sataøen kom han til å føre dekkaspelet vidare. Olav hadde og lett for å ta slåttar frå andre dalføre. Olav Sataslåtten var ein spelemann som skapte på staden, og spela sjeldan slåttane likt frå gong til gong. Han hadde eit særmerkt spel, og ein speleteknikk som var prega av at han var sjølvlært. Han spela med tre fingrar i staden for fire. Likevel var han kjend for eit friskt og godt dansespel, og hadde gjetord for ei eiga evne til å fylle golvet når han spela til dans.

Det at han aldri spela likt, gjorde det noko vrient å få slåttar etter han, men det vart gjort ei rekkje opptak, alt frå 1936. Sataslåtten var den første som spela inn til NRK sitt historiske folkemusikkarkiv, og slåtten han spela inspirerte seinare Eivind Groven til å skrive tredjesatsen i suiten Symfoniske slåttar.

I Sataslåtten si levetid kunne ein ofte høyre hallingar drøfte kven av spelemennene i dalen som var best, og tretta stod helst mellom Sataslåtten og Sevat Sataøen frå Ål. Ettertida dømer ofte dei to som like gode, men med heilt ulik spelestil.

Hardingfeleverket har trykt opp 20 slåttenedskrifter etter Olav Sataslåtten, skrivne ned av Truls Ørpen, Eivind Groven og Sven Nyhus.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]