Olav Steinar Namtvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Steinar Namtvedt
Fødd9. april 1947 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1993–1997)
  • ordførar i Radøy (1991–2007)
  • vararepresentant til Stortinget (2001–2005) Sjå dette på Wikidata

Olav Steinar Namtvedt (fødd 9. april 1947) var ordførar i Radøy kommune i perioden 1991-2007. Han representerte Senterpartiet, og vart attvald til ordførar i 2003. Før valet i 2007 gav han uttrykk for at han ikkje kom til å ta attval, og gav stafettpinnen vidare til Jon Askeland (Sp). Namtvedt hadde vore folkevald i Radøy i 28 år då han trekte seg tilbake i 2007.

Namtvedt fekk 119 personstemmer og 24 slengarar ved kommunevalet i 2023, og vart dermed vald inn i Alver kommunestyre.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]